Behandlingsopplegget er utvikla i perioden 2012-2015 av forskarar frå Universitet i Agder i samarbeid med legar og sjukepleiarar frå Sørlandet sjukehus, pasientorganisasjonar og Kristiansand kommune.
– Målet med elektroniske helsetenester er å forenkle kvardagen for pasienten og effektivisere helsevesenet, seier Berglind Fjóla Smáradóttir.
Ho er utdanna sjukepleiar og stipendiat ved Universitet i Agder (UiA), knytt til Senter for ehelse og omsorgsteknologi ved UiA i Grimstad. Smáradóttir disputerte nyleg med ei avhandling om brukarinvolvering i utvikling av elektroniske helsetenester. Forskinga er ein del av EU-programmet United4Health, som vert gjennomført i fleire byar og ved fleire universitet i Europa. Målet for programmet er å utvikle nye digitale helsetenester.
Forenkling
– Eit digitalt opplegg med nettbrett og telesentral er ein vinn-vinn-situasjon for pasient og samfunn. Pasienten får trygg oppfølging heime og meistrar eigen sjukdom betre. Målet er å unngå nye sjukehusinnleggingar, seier Smáradóttir.
Saman med brukarane har ho vore med og utvikla eit dataprogram som ligg lett tilgjengeleg på skjermsida straks du slår på eit heilt vanleg nettbrett. Systemet har ingen kompliserte menyval. Du loggar deg inn med eitt tastetrykk. Ikon, fargar, skriftbilete, tekst og design er tydelege. Enkle søkefunksjonar gir lege og sjukepleiar all informasjon om pasienten frå éin database.
– Ofte vert feil og manglar funnen for seint når ein utviklar slike tenester. Men her har vi unngått det ved at brukarane vart involvert frå byrjinga av prosjektet. Dei har kome med nyttige innspel som har endra funksjonar og bruksmåten av nettbrettet, ikkje minst har forslaga gjort nettbretta enklare å bruke, seier Smáradóttir.
Brukarinvolvering
Tett oppfølging av brukarane er nødvendig for å lykkast med å utvikle enkle elektroniske hjelpemiddel. Feltobservasjonar undervegs, både heime hos pasienten, på sjukehus, sjukeheim og andre relevante stader, har også vist seg å vere viktig for å forstå teknologi, pasient og helsevesen i samanheng.
– Mot slutten av slike prosjekt bør også teknologien bli testa ut der han skal brukast, seier Smáradóttir.
Doktorarbeidet til Smáradóttir viser at involvering av brukarane er ein effektiv metode for å forenkle og effektivisere dei elektroniske helsetenestene. Rundt 35 brukarar frå Landslaget for hjarte og lungesjuke (LHL), pasientar, sjukepleiarar, legar og IKT-spesialistar har vore med og utvikla programvare og design til nettbrett og ein telemedisinsk sentral, sistnemnde styrt av spesialtrente sjukepleiarar.
– Aktørane har prøvd utstyret og kome med forslag til forbetringar undervegs, og det er heilt klart at brukarinvolvering gjer gode idear enda betre, seier Smáradóttir.
Ho medgir at det gir meir arbeid å involvere brukarane, men det gir også meir brukarvenlege og effektive system, og da er det meir sannsynleg at det vert tatt i bruk. Prosjektet gjekk gjennom fleire rundar med endringar etter innspel og evalueringar frå brukarane. Pasientar, legar og sjukepleiarar har også gjennomført rollespel som vart filma, analysert og fortolka for å finne ut på kva måte systemet best kunne fungere for alle partar. Smáradóttir har også vore heime hos brukarane, observert dei når dei brukte nettbrettet og gjort fleire intervju med pasientane og dei andre brukarane.
Nettbrett og telesentral
Ofte er kolspasientar så utmatta at eit sjukehusbesøk i seg sjølv kan forverre sjukdommen. Derfor passar det særleg godt for denne pasientgruppa å få helsetenestene levert via nettbrett.
Smáradóttir vedgår at det kan høyrest brutalt ut å overlate ein kolspasient med pustevanskar til seg sjølv og eit nettbrett. Men pasientar og pårørande i prosjektet har meldt tilbake at dei føler seg tryggare med denne typen behandlingsform. Alternativet er gjerne å ringje etter drosje når ein kjenner seg dårleg, karre seg ut i all slags vêr og kome seg til fastlege eller sjukehus.
Menneskeleg kontakt
Pasienten er dessutan ikkje aleine med seg sjølv og elektronikken, men har via nettbrettet direkte kontakt med ein spesialtrent sjukepleiar på ein telemedisinsk sentral. Pasienten måler sjølv puls og oksygenmetting i blodet, og svarar på spørsmål om sjukdomsutviklinga via nettbrettet. Informasjonen går direkte frå nettbrettet til sjukepleiaren på sentralen. Sjukepleiaren vurderer resultata og har eit videomøte med pasienten.
Dersom sjukdommen har forverra seg, kan sjukepleiaren setje i gang tidlig hjelp heime hos pasienten. Sjukepleiaren kan foreslå endring av medisineringa eller andre tiltak og på den måten kan pasienten unngå enda ei innlegging på sjukehus.
- Les mer: Nettbrett-tjenester for eldre
Etterspurd forsking
Alle dei ti fagfellevurderte artiklane Smáradóttir har skrive i samband med doktorarbeidet, vart akseptert utan dikkedarar av tidsskrift og konferansearrangørar. Ph.d.-kandidaten sjølv meiner det kjem av temaet er aktuelt og at studiane hennar derfor er relevante, men det er nok også grunn til å tru at arbeida held høg kvalitet. Utvikling av teknologi ligg elles i tida og er relevant for mange, ikkje minst i helsevesenet.
Samhandlingsreforma (2012) har overført meir ansvar for samarbeidet mellom heimebaserte helsetenester, fastlegen og sjukehuset til kommunane. Helsekøar og skorten på helsepersonell medfører at kommune-Norge må vere villige til å prøve ut nye helsetenester for å klare å ta seg av eldre og sjuke i tida framover, sett i det lys, er digitale løysingar riktig medisin, i alle fall dei løysingane som fører til færre sjukehusinnleggingar.
Om lag halvparten av doktorarbeidet hennar er forsking på utviklinga av ei ny digital helseteneste for kronisk sjuke kolspasientar. Den andre halvparten dreiar seg om teknologisk samkøyring av system for helsetenester i fire kommunar og om tekniske løysingar for blinde som bruker mobiltelefon. Ho disputerer i oktober og håper å bli tilsett i ei postdoktor-stilling ved UiA etter jul.
– Eg vil gjerne halde fram med å forske på teknologiutvikling med brukarinvolvering, seier Smáradóttir.
Referanse:
Smaradottir Berglind m.fl: User-centred Design and Evaluation of Health Information Technology. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder, 2016. Sammendrag