Archive for January 13, 2015

Misjonskvinner vart grasrotfeministar

Mykje tydar på at dei særs religiøse kvinnene som var aktive i misjonsrørsla gjennom 1800-talet var blant dei første grasrotfeministane her til lands. Det kjem fram i ny forsking, som kastar lys over misjonskvinnene si tyding for kvinnefrigjeringa.

Kvinnene som var aktive i misjonsrørsla på 1800-talet forkynna gjerne at kvinna skulle underordne seg Gud og mannen. Men måten dei spreidde denne bodskapen på førte til ei enorm myndiggjering og mobilisering av kvinner.

Braut med ideala i praksis

Ei av dei leiande misjonskvinnene var Henriette Gislesen, fødd 1809. Trass i Paulus formaningar om at kvinner skulle teie i forsamlingar var Gislesen forkynnar, foreiningsleiar og organisator i rolla som bispefrue i Tromsø.

‒ Gislesen argumenterte for det tradisjonelle kvinneidealet, kor kvinna var underdanig Gud og mannen. Som kvinneforeiningsleiar braut ho samstundes med det same idealet i iveren etter å spreie Guds bodskap til så mange som mogleg, seier historikar Rolf Inge Larsen, som har studert hennar liv og verke.

Gislesen var også ein viktig pådrivar for opprettinga av misjonsforeiningar for kvinner over heile landet, og skreiv og omsette ei mengd religiøse tekstar.

Meir aktive enn i arbeidarrørsla

Den første misjonsforeininga vart truleg stifta i 1840 i Christiania.

Ved inngangen til 1900-talet fanst det om lag 3500 misjonsforeiningar for kvinner i Noreg. Møta i kvinneforeiningane vart haldne i heimane, då dette var kvinnene sitt legitime domene. På møta laga kvinnene handarbeid som skulle seljast til inntekt for misjonsarbeidet. Det var også høgtlesing av religiøs litteratur og reiseskildringar, saman med bønn og salmesong.

Da misjonsrørsla var på høgda var kvinnene faktisk meir aktive i vekkingsrørsla enn i arbeidarrørsla, ifølgje religionssosiologen Inger Furseth.

Fristad frå mannleg dominans

Det var i hovudsak tre grunnar til det. For det første var det plass til kvinner i organisasjonsstrukturen. Misjonskvinnene vart foreiningsleiarar, søndagsskulelærarar og diakonar. Gjennom pengeinnsamlinga til misjonsarbeidet vart dei også sjølvstendige økonomiske bidragsytarar. Deltakinga i misjonsforeiningane gav kvinner høgare status og større handlingsrom enn det som var vanleg elles i samfunnet på denne tida.

For det andre auka det rekrutteringsgrunnlaget. Ein kunne frelse dobbelt så mange dersom kvinnene vart inkludert. For det tredje fungerte kvinnene stabiliserande for rørsla på grunn av familiebanda.

‒ Kvinnemisjonsforeiningane vart ein fristad frå den mannlege dominansen elles i samfunnet, nettopp fordi møta vart haldt i heimen, kor kvinnene bestemde, ifølgje Larsen.

Tok avstand frå kvinnekampen

Historikaren trur at Henriette Gislesen var mest sannsynleg klar over at arbeidet hennar i tenesta til misjonen kunne bli oppfatta som eit angrep på det beståande.

‒ Sjølv om Gislesens verksemd verka frigjerande for mange misjonskvinner, hadde ho neppe nokon aktiv intensjon om verken å endre maktforholda mellom kjønna eller å modernisere kvinnerolla, seier Larsen.

I ei av bøkene ho skreiv samanlikna ho kvinna med liljene på marka, inspirert av ei likning i Matteusevangeliet: På same måte som for liljene ligg lykka for kvinner i å vere reine, blide og elskelege for sine to Herrar, ektemannen og Gud.

Gud var aller viktigast

I Bibelen står det likevel at ein «skal lyde Gud mer enn mennesker». Dette gjaldt også «mer enn husbonden», jamfør den rådande katekismeforklaringa i Noreg på 1850-talet. I tråd med Bibelens misjonsbefaling skal dei kristne drive misjon.

For misjonskvinner som Henriette Gislesen gikk befalinga om å spreie Guds ord framfor det meste.

‒ Som vekkingskristen kunne Henriette Gislesen rett og slett ikkje la vere å misjonere. Ho var meir opptatt av mennesket sitt ansvar og verdi, og enn av skiljet mellom kvinner og menn, fortel Larsen.

Ein av seks predikantar var kvinner

Kva låg så bak den sterke kvinnemobiliseringa i misjonsrørsla? Svaret finst i den haugianske vekkinga som lekpredikanten Hans Nielsen Hauge starta (1771‒1824).

Haugianarane utgjorde Noregs første nasjonale grasrotrørsle. Også for Hauge var kallet til å forkynne evangeliet overordna skiljet mellom kvinne og mann.

‒ At det vart forkynt var viktigare enn kven som forkynte. Hauge var ikkje spesielt opptatt av kjønn, men av eit generelt likeverd for alle menneske, uavhengig av sosial stand. Dermed bleikna skiljet mellom mann og kvinne, seier Linda Helen Haukland, historikar ved Universitetet i Nordland.

Hauges tilhengjarar vart kalla for haugianarar. Dei danna såkalla venneflokkar, reiste rundt på gardane og samla både menn og kvinner, lærte dei frå Bibelen og oppmuntra til lesing og skriving. Haukland har studert det ho kallar for den haugianske feminismen.

Refsa tradisjonelle kjønnsroller

Hauge var langt meir radikal enn Henriette Gislesen i sitt syn på kjønn. Han hadde lite til overs for den tradisjonelle arbeidsdelinga mellom menn og kvinner, kor kvinner vart viste til matlaging og husarbeid, og menn til jordbruk og det offentlege liv.

Sjølv strikka Hauge mykje på sine mange og lange reiser i Noreg.

Hauge meinte også at Paulus’ berømte fråsegn om at kvinner skal tie i forsamlingar er ei feiltolking.

‒ Han hevda at Paulus adresserte eit ordensproblem, ikkje at han forbydde kvinner å tale generelt, seier ho.

Ikkje opptatt av kvinnefrigjering

Det er likevel mykje som tydar på at Hauge ikkje hadde kvinnefrigjering i tankane da han sendte ut kvinner som lekpredikantar, ifølgje Haukland.

‒ At kvinnene vart mobiliserte var først og fremst ein konsekvens av hans sterke vektlegging av likeverd mellom menneska.

Om ein er god til å tale i forsamlingar, bør ein bruke denne evna til å spreie Guds ord, uavhengig om ein er mann eller kvinne, fattig eller rik, meinte Hauge.

‒ Å byggje fellesskap skugga over ynskje om å halde på posisjonar. Dette føreutsette likevel audmjuke menn blant haugianarane, påpeikar ho.

Møtte motstand

Ei av leiarskikkelsane blant haugianarane i dei første åra var Sara Ousten (1777-1822) frå Vingelen i Tolga. Ho var ein høgt verdsatt leiar for haugianarane på Vingelen og for koppargruva same stad.

Det var likevel mange som ikkje likte at kvinner var leiarar og tala Guds ord i forsamlingar. Av dei var prosten på Tynset, Andreas Fuglesang Dircks. Etter å ha avbrote eit bønnemøte Ousten leia, slo han ho i ansiktet, kasta Hauges salmebok i flammane og refsa forsamlinga for å ha samla seg lovstridig. Dette var på den tida då private bibel- og bønnemøte måtte få godkjenning frå presten, slått fast gjennom den såkallaKonventikkelplakaten. 

‒ Da prosten skulle gå, spurte han Ousten om ho syntest at han hadde gjort henne urett. Sara Ousten skal ha svara at prosten hadde gjort mest urett mot seg sjølv, fortel Haukland.

Ifølgje Haukland er denne hendinga samstundes illustrerande for haugianarane si ikkje-konfronterande linje. Haugianarane, kvinner som menn, følgde si overtyding og haldt fram med sitt, trass i valdeleg motstand frå øvrigheita.

Samla bygda til opprør

Det fanst likevel kvinner blant haugianarane som gikk meir direkte til verks.

Blant dei var Kari Nielsdatter Ressel (fødd 1767) frå Meldal. Da ein 17 år gammal lekpredikant vart alvorleg mishandla av sokneprest Steenbuch og fengsla som straff for å ha forkynna Gods ord på kyrkjebakken, mobiliserte Kari til opprør i bygda. Ho samla ei par hundre personar frå Meldal og Rennebu og kravde lekpredikanten frigjort frå varetekt.

‒ Mange av dei kvinnelege leiarane blant haugianarane hadde sterk støtte i lokalsamfunnet. Det var ikkje akkurat normalen i Noreg på byrjinga av 1800-talet, hevdar Haukland.

Under radaren

Dei mange politiske omveltingane på 1800-talet er via stor merksemd i historiefaget. Det same kan ikkje seiast om kvinnemobiliseringa i misjonsrørsla.

Ifølgje Haukland var Hauges kvinnemobilisering ein stor del av forklaringa på haugianarane si gjennomslagskraft i det norske samfunnet, saman med spreiinga av lese- og skriveferdigheiter.

‒ Misjonskvinnene la dessutan grunnlaget for den norske velferdsstaten, gjennom matutdeling til fattige og etableringa av institusjonar for sjukepleie, seier ho.

‒ Misjonskvinnene si hardnakka insistering på at dei ikkje var ein del av den politiske kvinnekampen kan ha ført til at innsatsen deira gikk under radaren for historikarane, trur Rolf Inge Larsen.

Referanser: 

Rolf Inge Larsen, Markens liljer : Henriette Gislesen og kvinneidealet – hjemmets pryd eller aktiv samfunnsborger? Historisk tidsskrift. – Årg. 93, nr. 4 Universitetsforlaget, 2014. Samandrag.

Linda Helen Haukland. Spor av haugiansk feminisme. Kirke og kultur. – Nr. 4 Universitetsforlaget, 2014. Samandrag

En verden sett fra rommet

Romforskning handler ikke bare om fjerne stjerner og planeter. Romorganisasjoner som ESA jobber også mye med hvordan vi kan få vite mer om jorda, dens klima, mange miljøer, og store systemer, som vannets og karbonets kretsløp. 

Å holde øye med jorda og dens store systemer kalles for jordobservasjon. ESA har bygget og skutt opp flere satellitter for jordobservasjon, hovedsaklig til forskning. En av de største og mest brukte jordobservasjonssatellittene var Envisat, som var aktiv fra 2002 til 2012.

I 2014 ble Sentinel-1A, den første av en ny generasjon jordobservasjonssatellitter som skal være operasjonelle, det vil si kontinuerlig levere data til ulike samfunnsinstitusjoner, organisasjoner og offentlige tjenester, skutt opp. Disse satellittene inngår i det store europeiske programmet for miljø og samfunssikkerhet, Copernicus.

Sentinel-satellittene skal måle alt fra havnivå til skogmasse, atmosfærekjemi, algevekst, oljesøl og rasfare, og til og med overføre nødsignaler til søk- og redningstjenester. Det er nesten ingen grenser for hvilke kjemiske og fysiske faktorer satellitter kan måle fra rommet, og de kan dekke store og fjerne områder, ofte uavhengig av vær og lysforhold.

 

SvalSat, satellittstasjonen på Svalbard, er den nordligste nedlesingsstasjonen for data fra de første Sentinel-satellittene. Flere norske bedrifter har levert teknologi til satellittserien.

Earth Explorers er en annen serie med jordobservasjonsatellitter fra ESA. Disse er forskningssatellitter og måler blant annet jordas ismengder, magnetfelt, saltholdigheten i havet, fuktighet i jordsmonn på land og aerosoler i atmosfæren.

Kunnskapen fra jordobservasjon brukes også til forskning på andre planeter, for eksempel til å undersøke atmosfæren og geologiske forhold på Mars.

Her følger noen bilder som viser hva jordobservasjonssatellittene kan se og måle fra rommet. Bildene er tatt ut blant ESAs 500 beste jordobservasjonsbilder.

 

Satellitter kan for eksempel brukes til å finne den beste plasseringen for flyktningeleire, som denne i Jordan på grensen til Syria, for å planlegge hvordan vann, strøm og avrenning best kan føres til leiren. Den fremtidige jordobservasjonssatellitten Sentinel-2A vil levere data til katastrofehjelp, blant annet via Emergency Mapping Service i Copernicus-programmet.

 

I dette bildet av jungelen på Borneo synes vegetasjon i rødt, jo sterker rødfarge jo tettere vegetasjon. Gule og oransje felt viser dyrket mark med for eksempel ris. Hvite linjer er veier og andre menneskeskapte strukturer. Blått er sumpområder. Bilder som dette kan brukes til å holde øye med skogdekket og planlegge jordbruk og utbygging.

 

Her er Quelccaya-breen i Andesfjellene i Peru. Smeltevann fra denne breen forsyner millioner med vann og strøm, men isen har minket med 20 prosent siden 1970-tallet og antas å forsvinne i løpet av de neste tiårene på grunn av global oppvarming. Vegetasjon synes som rødt i dalførene, og følger innsjøene (grønt) og elvene av smeltevann fra breen. Flere radarsatellitter, som ESAs CryoSat, brukes til å måle ismengdene som er igjen på jorda.

 

Denne karakteristiske geologiske formasjonen i Sahara-ørkenen i Mauretania ble dannet etter at en kjempeboble med smeltet stein presset seg til overflaten. Der ble strukturen av vekselvis harde og mykere mineraler erodert til ringer av kløfter. Formasjonen kalles for Richat og er godt kjent blant astronautene på den internasjonale romstasjonen.

 

Dette lappeteppet er åkre med ulike typer matplanter i Kansas i Midt-Vesten i USA. Satellittbilder som dette kan brukes til å planlegge plantetyper, rotering av arter og vanning, samt holde øye med åkrenes helsetilstand.

 

I Okavango-deltaet i Botswana i det sørvestre Afrika lever hundrevis av dyrearter, flere svært truete. Tre studenter i England har brukt optisk teknologi opprinnelig utviklet for romteleskoper for å kunne holde øye med krypskyttere og beskytte truete dyrearter som neshorn og elefanter. De tre vant ESAs studentkonkurranse for overføring av teknologi fra rommet, Space Solutions University Challenge (S2UN) i 2015. 

Har du lyst til å vite mer om jordobservasjon, følg Terje Wahls blogg her på forskning.no.