Archive for March 9, 2016

– La ungane spele

Det er seint på kveld, og tenåringen høyrer at foreldra sløkker lysa og skal til å legge seg. Lynraskt skrur han av pc-skjermen, kastar seg under dyna og lukkar auga. Døra går forsiktig opp, og nokon står og lyttar i det mørke, stille rommet. Så går døra att. Straks lyser pc-skjermen igjen, og fingrane hamrar mot tastaturet.

Før tenåringen veit ordet av det er det lyst ute. Lydane i huset fortel at foreldra har stått opp for å gå på jobb. Like kjapt er han under dyna igjen. Kanskje rekk han å spele litt til før skulen startar.

Skal ein tru overskriftene i media er denne tenåringen ille ute. Nyleg kom einNova-studie som viser at ungdom som speler mykje har dårlegare karakterar enn klassekameratane sine.

Samtidig sit ein heil generasjon ungar framfor PC-skjerm eller nettbrett og speler. 98 prosent av gutane mellom 9 og 16 år spelar dataspel på fritida. 90 prosent av jentene gjer det same, viser tal frå Medietilsynet.


(Grafikk: Medietilsynet.)

– Studien vår indikerer at det å spele mykje dataspel verkar negativt inn på innsatsen i skulen. Men vi veit ikkje sikkert kva som kom først – spelinga eller dei dårlege karakterane, seier ungdomsforskar ved Nova, Mira Aaboen Sletten.

– Bra å spele

– Det å spele er ikkje problematisk i seg sjølv. La ungane spele dataspel, seier psykolog og forskar Rune Mentzoni ved KoRus-Øst.


Mira Aaboen Sletten er ungdomsforskar ved Nova. (Foto: Studio Vest.)

Han meiner slike studiar burde skilje mellom problemspelaren og den engasjerte storspelaren.

Medan problemspelaren kan bli avhengig, få psykiske problem og sosiale vanskar, er spelinga først og fremst noko positivt i livet til storspelaren. Begge to speler mykje, men resultatet er svært forskjellig.

Forsking Mentzoni har vore med på viser at negative effektar som dårlege skuleprestasjonar og depresjon, i hovudsak gjeld dei avhengige storspelarane. Dei engasjerte spelarane opplever ikkje desse negative effektane. Psykologen meiner dermed at det ikkje er tida som blir brukt på dataspel som er problematisk.

– Så lenge barnet eller ungdommen har eit balansert liv med fleire forskjellige aktivitetar, treng ikkje foreldra å uroe seg for speling. Kvar familie må setje sine grenser og reglar, men dataspel kan vere noko bra i livet til mange unge, seier Mentzoni.

Nova-forskaren meiner det er forskjellig kor godt unge folk taklar å spele mykje.

– Nokre ungdommar får livet til å henge saman, sjølv om dei brukar mykje tid på dataspeling. Men foreldre blir uroa når speling blokkerer for andre område i livet, meiner Aaboen Sletten.

Generasjonskonflikt om speling

Lydar frå guterommet avslører at tenåringen er vaken. Pappaen kan høyre små rop av glede og frustrasjon medan tastaturet trommar og klokka tikkar forbi midnatt. Bekymringane kjem krypande opp på skuldrene. Kjem spelinga til å gå utover konsentrasjonen på skulen? Likevel går han ikkje inn til sonen. Han vil ikkje lage krig.


Rune Mentzoni er forskar og psykolog ved KoRus-Øst. (Foto: KoRus-Øst.)

– Vi var alvorleg uroa. Det var raude auge som glana på ein skjerm i så mange timar, for så å skulle gå på skulen dagen etter. Dersom du tok det opp var du ein gammal dust, så det var ikkje lett å diskutere det med ungane, fortel pappa Frank Sandø.

Sjetteklassingane på Eberg skole i Trondheim veit godt kva det vil seie å diskutere speling med foreldra sine.

Konfliktar og bekymringar er ikkje uvanleg når foreldre og barn er ueinige om dataspel. Mellom kranglinga om skjermtid, dører som smeller og internett som blir skrudd av, kan det vere vanskeleg å setje ord på kva det er ein er uroa for. Medietilsynet meiner krangling om spel er ein typisk generasjonskonflikt.

– Mange barn og unge har ein identitet knytt til dataspel, medan foreldra ser på speling som uproduktivt. Då kjenner barnet seg stigmatisert. Det er naturleg at foreldre er uroa og at det blir diskusjonar om speling, men det kan fort bli ein håplaus diskusjon for barnet, seier Khalid Azam i Medietilsynet.

Han rår foreldre til å ha ein «ryddig krangel» der dei seier konkret kva som er problemet; om det er tidsbruken, innhaldet i spelet eller noko anna. Mentzoni er einig, og meiner foreldre må setje seg betre inn i kva speling er, for å unngå unødvendige konfliktar.

– Barnet eller ungdommen ser kanskje på dette som sin lidenskap og viktigaste aktivitet, men omsorgspersonane ser på det som negativt. Foreldra må engasjere seg og prøve å forstå kva som er verdifullt med spelet. Når ein forstår kva det handlar om, er det lettare å setje grenser, seier Mentzoni.

For hans eigne barn er regelen klar: Andre aktivitetar skal prioriterast. Fotballen skal sparkast og leksene skal gjerast. Når det er gjort er det mykje rom for å kose seg med spel.

Vidundergameren

Tenåringen som spelte heile natta er blitt 23 år, gründer, sivilingeniørstudent på NTNU og programleiar i NRK-programmet Newton. Stian Sandø har gode karakterar frå ungdomsskulen og vidaregåande, samt gode venner frå tida som World of Warcraft-spelar. Han meiner gaming har gitt han eigenskapar som han har bruk for i dag.

– Eg har blitt god på å jobbe i team og lært meg å samarbeide med svært forskjellige folk. Eg er hekta på kjensla av å jobbe saman med andre for å få til noko i lag, og det brukar eg både i jobben min i NRK og når eg utviklar appar saman med vennene mine, seier Sandø.

Samtidig pustar faren letta ut.


Stian Sandø, programleiar i Newton, spelte dataspel i opptil ti timar om dagen som tenåring. (Foto: Morten Waagø/NRK.)

– No senkar vi skuldrene og er nøgde. I ettertid tenkjer eg at han truleg fekk altfor mykje fridom, men kanskje det var det som skulle til. Vi trudde på sunn fornuft og såg heile tida at skuleresultata var gode. Det viktige er at det gjekk bra, seier Frank Sandø.

Stian Sandø levde i spelverda i sju år, og kunne spele opp mot 10 timar i døgnet. At han likevel ikkje var ein problemspelar, kan høyrest umogleg ut. Men spelforskaren er ikkje overraska over at ungdom kan spele så mykje utan at det påverkar dei negativt.

Mentzoni meiner vi høyrer for lite om dei positive effektane av dataspel. Han viser til ein amerikansk artikkel som har samla forsking på alt det gode dataspel kan føre til.

– Folk som speler spel der ein samarbeider med andre blir for eksempel meir hjelpsame i det verkelege liv. Dei kan også bli meir produktive og motiverte, fordi det i dataspel lønner seg å legge ned ein innsats. Du får ikkje belønning for å «vere flink» i eit spel, du får belønning og ros for å jobbe hardt, seier Mentzoni.

Sjølv om forskinga frå Nova viser til dårlegare mattekarakterar for storspelarane meiner spelforskaren at enkelte dataspel faktisk kan gjere ungane flinkare i realfag.

– Såkalla skytespel og actionspel trenar opp visse delar av hjernen slik at ein blir flinkare til å ta inn informasjon og sortere ut kva som er viktig. Det er eigenskapar som er viktige innanfor matematikk og realfag, seier Mentzoni.

Nova-forskar Mira Aaboen Sletten har også tru på at dataspel kan føre med seg noko positivt. Storspelarane i hennar studie hadde nemleg minst like gode engelskkarakterar som dei andre i klassen.

– Det ser ut som dataspel har positive læringseffektar i engelsk. Dei som speler praktiserer mykje engelsk, både skriftleg og munnleg, forklarer Aaboen Sletten.

Dataspilling gjør unge betre i engelsk

– Bra for samfunnet

Klokka nærmar seg to om natta og tastaturet kneprar i rekordfart. Han er ikkje lenger ein gnom som beveger seg rundt i World of Warcraft, men ein fokusert programmerar som lagar ein tryggleiks-app for mobiltelefonar, innimellom TV-jobben og studiane på NTNU. Dataspel har han for det meste lagt på hylla.

– Livet kom i vegen, så eg har rett og slett ikkje tid til å spele så mykje lenger. Men eg meiner at dataspel kan vere kjempenyttig for samfunnet. Ein må berre sørge for å bruke det ein lærer i den verkelege verda, seier Stian Sandø.

NASA vil bygge nytt, stillere Concorde-fly

NASA har satt av penger for å utvikle overlydsfly som bråker mindre.

I første omgang skal flyprodusenten Lockheed Martin utvikle modeller som skal prøves ut i vindtunneler. 

Målet er å lage et overlydsfly som ikke lager en sjokkbølge som smeller. Isteden skal denne typen overlydsfly lage et mykere dumpt drønn som mindre plagsomt, ifølge en pressemelding fra NASA.

Lang, lang nese

Hvordan dette skal oppnås, sier ikke NASA noe om. Tidligere forsøk med jagerfly har brukt en forlenget nese for å oppnå denne effekten.

Blant annet ble det gjort forsøk med et F-15B lagerfly i 2006 og 2007. Forsøksprogrammet het Quiet Spike, og var et samarbeid mellom NASA og Gulfstream Aerospace. 


Jagerflyet McDonnell Douglas F-15B med en forlenget nese som skulle redusere det supersoniske smellet. (Foto: Carla Thomas, NASA)

Kjølvann i lufta

Det supersoniske smellet oppstår fordi luften skjøvet til siden når flyet går gjennom lufta, omtrent som kjølvannet rundt en båt.

Dette kjølvannet av sammenpresset luft er i prinsippet lydbølger. De kan ikke bevege seg fortere enn lydens hastighet, rundt 1200 kilometer i timen.

Når flyet går fortere enn sitt eget kjølvann, kan ikke kjølvannet unnslippe raskt nok. Det blir presset mer og mer sammen rundt sidene av flyet. Bak denne trykkbølgen – i halen på flyet – oppstår et tilsvarende undertrykk, akkurat som en bølgetopp må følges av en bølgedal.

Smellskalaen

Overtrykket og undertrykket gir hvert sitt smell – et dobbeltsmell. Jo kraftigere overtrykk og undertrykk, desto kraftigere blir det doble overlydssmellet.

Den lange nesa på Quiet Spike-flyet skulle skyve lufta til side over lengre strekning. Dermed skulle overtrykksbølgen bli fordelt over lengre tid. Dette ga effekten av et mindre skarpt, mer dumpt drønn.

Amerikanske forskere har utviklet en skala for styrken på overlydssmellet, sett i forhold til hvor stort og tungt flyet er. Alt under 1 på denne skalaen kunne godtas.

Det europeiske overlydsflyet Concorde havnet på 1,4. På 1960-tallet utviklet også amerikanerne et passasjerfly med overlydsfart. Boeing 2707 skulle bli raskere og større en Concorde, men fikk poengsummen 1,9 på smellskalaen.


En F/A-18 Hornet jetjager bryter lydmuren utenfor kysten av Sør-Korea. Den hvite kragen bak flyet skyldes undertrykk like bak overtrykket i den supersoniske sjokkbølgen. I undertrykket blir vanndamp fra lufta brått kondensert til tåkedråper. (Foto: John Gay, U.S. Navy)

Dyre og bråkete

Boeing 2707 ble da heller aldri bygget. Prosjektet mistet offentlig støtte og ble avsluttet i 1971. Protestene mot forurensning av ozonlaget i marsjhøyden og mot overlydssmellet gjorde det upopulært.

Flyselskapene mistet også troen på at det ville bli lønnsomt i drift, etter å ha sett hvor store offentlige subsidier som måtte til for å få Concorde i lufta.

Etter hvert ble riktignok de få Concorde-flyene som ble bygget lønnsomme for et nisjemarked av rike kunder, men også Concorde ble satt på bakken i 2003.

Den russiske versjonen av Concorde, Tupolev Tu-144, fløy bare noen få turer med passasjerer og en lengre periode som fraktfly fram til 1983.


Tupolev TU-144 lignet på det europeiske Concorde. Det ble derfor kalt “Concordski” i vesten. Prototypen fløy nyttårsaften 1968, to måneder før Concorde. Det ble også det første passasjerflyet som passerte Mach 2, to ganger lydens hastighet. Flyet fløy passasjerer fra november 1977, to år etter Concorde, men det ble bare 55 turer med passasjerer etter at en forbedret utgave styrtet under en testflygning i 1978. Flyet fløy videre som fraktfly, men ble tatt helt ut av drift i 1983. (Foto: Lev Polikashin, RIA Novosti archive, Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Unported license.)

Trygge tross to ulykker

Både Tu-144 og Concorde hadde fatale ulykker over Paris. Tu-144 steilet ut på et flyshow i 1973, trolig etter en for halsbrekkende manøver for å imponere.

Concorde styrtet i et flammehav etter at drivstofftanken ble punktert av en gjenstand på rullebanen på Charles de Gaulle-flyplassen i juli 2000.

Til tross for disse enkeltstående ulykkene var både Concorde og Tu-144 trygge fly. Det var de høye utgiftene til drivstoff og vedlikehold som satte de supersoniske passasjerflyene på bakken.

Også kravet om spesielle flyruter utenom befolkede områder for å unngå helseskader av supersoniske smell begrenset mulighetene for å drive flyene lønnsomt.

Prototyp i halv størrelse

Nå kan NASAs nye planer på sikt lede fram mot nye supersoniske fly som både er stille og lønnsomme nok til å settes i trafikk.

NASA skal også undersøke hvilke holdninger befolkningen har til nyere og stillere passasjerfly med overlydsfart.

Den første prototypen vil være i halv størrelse av det ferdige passasjerflyet. Byggingen av dette flyet vil bli lagt ut på nye anbud, ifølge nyhetsmeldingen.

Lenke:

NASA Begins Work to Build a Quieter Supersonic Passenger Jet, nyhetsmelding fra NASA