Fann dinosaur på storleik med Boeing-fly

Forskarane oppdaga dei fossile restane av det gigantiske dyret i provinsen Santa Cruz sør i Argentina i 2005, men har brukt årevis på dei massive utgravingane.

Først torsdag denne veka blei det oppsiktsvekkjande dinosaurfunnet presentert i det vitskapelege tidsskriftet Scientific Reports:

Estimert vekt: 65 tonn – sju gonger meir enn Tyrannosaurus Rex.
Estimert lengd: 26 meter – på storleik med eit fly av typen Boeing 737

77 millionar år gamal

Eksemplaret i Argentina tilhøyrer arten «dreadnoughtus schrani», ein av dei største dyra som ein kjenner til at har levd på jorda.

Den trampa rundt med sine kolossale føtter på jorda for 77 millionar år sidan (øvre kritt alder).

– Drednoughtus Schrani var ufatteleg stor. Den vog like mykje som 12 afrikanske elefantar, eller sju T-rex, seier Kenneth Lacovara, som leiaren av utgravingane til CBS News.

Berre halsen måler 11,3 meter og halen 8,7 meter, ifølgje forskarne sine utrekningar.

Enda var ikkje dinosauren fullvaksen, avslører anatomiske undersøkingar av skjelettet.

«Den fryktlause»

Artsnamnet «dreadnoughtus schrani» betyr «den fryktlause» på norsk

Trass i namnet, bestod kjempen sitt kosthald av planter.

Aldri før har det vore mogleg å gjera så sikre estimat av storleiken til eit så stort landlevande dyr. Heile 70 prosent av skjeletter er funne i relativt god forfatning.

Funnet, gjort av amerikanske og argentinske forskarar gir ny innsikt om korleis dinosaurane såg ut og evolusjonshistoria deira, skriv tidsskriftet Scientific Reports.

Leave a Reply

Your email address will not be published.