– Språksamlingane treng ein spesialsydd finansieringsmodell

Det var i ein debatt på Litteraturhuset om lagnaden til språksamlingane til Universitetet i Oslo, Venstre-leiaren kom med sitt forslag til løysing, skriv Uniforum

I dag er opptil 50 prosent av budsjettet til Institutt for lingvistiske og nordiske studium knytt til pengar dei får på grunnlag av kor stor gjennomstrøyming dei har av studentar. Ein annan del av finansieringa er pengar instituttet får på grunnlag av publiseringspoeng, det såkalla teljekantsystemet.

Trine Skei Grande tykte den rette løysinga vil vera å innføra eit eige finansieringssystem for språksamlingane og musea, som ikkje er avhengige av overføringar på grunnlag av kor stor gjennomstrøyming det er av studentar.  

– Det lovar eg å ta opp i ein munnleg spørjetime med kulturminister Thorhild Widvey i oktober, sa ho.

Les heile saka på Uniforum

Leave a Reply

Your email address will not be published.