Slik vinn du Forsker Grand Prix:

10 svært talentfulle forskingsformidlarar stod på scena i finalen i Forsker Grand Prix denne helga. Konkurransen heldt eit høgt nivå, og publikum lærte, lo og applauderte om kvarandre. Dette lovar godt for forskingsformidlinga framover.

Her er fire tips til korleis du kan gå fram for å vinne konkurransen neste år:

1. Ta ein doktorgrad i noko som folk bryr seg om.

Mange av deltakarane i årets finale hadde fleire år med jobberfaring innan sitt tema før dei starta på PhD-utdanninga si. Slike prosjekt handlar oftare om personar og livshistorier, tema som er enkle for publikum å forstå. Prosjekt der publikum får heie på ein underdog eller ein outsider, kan også bidra til at folk synest at forskinga er viktig og nødvendig.

Diverre er det ikkje så lett eller vanleg å planlegge kva doktorgradsprosjekt ein får tildelt i grunnforskinga, og problema som skal løysast er ofte langt frå sluttbrukaren. Om du har eit ”jobbar protein A saman med protein B?”-prosjekt kan du ikkje stole på at innhaldet i prosjektet er nok i seg sjølv. I tillegg til å vinkle fortellinga til noko som folk relaterer til må du kompensere med sjarm og morosame metaforar.

2. Selg ei historie.

Første runde av konkurransen gir kvar av deltakarane 4 minutt til å formidle forskinga si. Dette er liten tid, og kvar setning er viktig. Presentasjonen må ha ein raud tråd og vere interessant heile vegen. Den treng ei opning som gjer oss interesserte, eit problem som skal løysast og nokre resultat som gir håp eller forventing. Bruk av personlege historier, møte med pasientar og tenk deg at- innleiingar er effektivt.

Prosjektet må forenklast kraftig. I tillegg må innhaldet formulerast slik at folk vert interesserte i å høyre meir om forskinga fordi dei bryr seg. Det er også viktig at publikum vert nyfikne og stolar på at du er rett person til å takle utfordringa. Jobb mykje med manuset! Og bruk korte setningar.

3. Bruk eit fåtal rekvisittar.

Du vil at publikum og dommarpanel også skal sjå at det du forskar på er spennande, ikkje berre høyre det. Ta i bruk ein eller to rekvisittar, men ikkje for mange. Bruk metaforar og tydelege bilete for bakgrunn, metode eller resultat. But keep it simple.

4. Lever til bestillinga.

I dommarpanelet i finalen sat tre personar med ulike roller og synpunkt. Ellen Horn representerte dei scenevante, Martine Aurdal representerte media og Helene Uri var representant for akademia. Alle desse tre må tilfredsstillast for å få toppscore. Det er altså ikkje nok med ei morosam historie utan metodisk innhald, og korleis du oppfører deg på scena vert nøye vurdert.

Planlegg dei 4 minutta dine slik at dommarane får det dei har bestilt: Engasjerande formidling av ei sexy historie som nyttar kvalitetssikra metodar.

Alle finalistane viste engasjement for forskinga si, evne til å formidle faget sitt, og vilje til å by på seg sjølve. Eg håpar vi får sjå meir av dei framover som bidragsytarar til god formidling og entusiasme for forsking.

I går kveld vann Arne Skulberg finalen i Forsker Grand Prix på Chat Noir i Oslo. Med eit viktig forskingsprosjekt for å redde livet til heroinmisbrukarar hadde Arne det som både juryen og publikum var ute etter. Han viste engasjement for faget sitt og motivasjon til å løyse ei stor utfordring, og snakka både til hjartet og til hovudet. Det er god formidling!

Leave a Reply

Your email address will not be published.