Halvparten av vatnet på Jorda er eldre enn Sola

Amerikanske forskarar har no funne ut kor delar av vatnet i solsystemet vårt kjem frå. Oppimot halvparten har blitt til før vår eigen sol blei fødd, og fanst allereie i den enorme skya av støv og gass som danna solsystemet vårt.

– Studien vår viser at is overlevde det veldige smellet då Sola blei til, og blanda seg inn i materien som etter kvart smelta saman til planetane i solsystemet vårt, seier Lauren Ilsedore Cleeves til nettstaden space.com.

Ho er astronom og med i forskargruppa ved Universitetet i Michigan, USA, som har gjort denne oppdaginga.

Ein vanleg ingrediens

Utanom på Jorda, finst det is på Månen, planetane Mars og Merkus, kometar og på nokre av månane til dei største planetane.

– Dersom måten solsystemet vårt blei til på er typisk for korleis slike prosessar skjer i verdsrommet, kan det bety at interstellar is er ein vanleg ingrediens i danninga av planetar. Det vil seie at andre planetsystem òg har tilgang på massevis av vatn, og det aukar sjansen for at liv kan oppstå andre stader, seier Cleeves.

Astronomar har til no oppdaga 2000 planetar utanfor solsystemet vårt, og det finst sikkert milliardar av andre planetar òg.

Tung tvilling

For å finne ut kor vatnet vårt kjem frå, brukte Cleeves og kollegaane hennar kunnskapar frå god, gamaldags kjemi.

Dei tok for seg stoffet deuterium (D). Det er einhydrogenisotop med dobbelt så stor atommasse som vanleg hydrogen.

Det finst små mengder av deuterium i all slags vatn. Kor mykje deuterium det er i vatnet, kjem an på forholda rundt då vatnet blei til.

Ved å undersøkje kor mange deteriumatom det er i eit vassmolekyla samanlikna med hydrogenatom, kan ein finne ut kor vassmolekyla blei laga.

Interstellar is har meir deuterium enn hydrogen fordi den blir danna ved svært lave temperaturar i verdsrommet.

Simulerte danninga av solsystemet

Til no har ein ikkje visst kor mykje av vatnet på Jorda som kjem frå interstellar is, og kor mykje som vart laga i dei kjemiske prosessane som skjedde då Sola blei fødd.

For å finne ut dette laga forskarane modellar av protoplanetariske skiver. Ved hjelp av modellane klarte forskarane å simulere dei kjemiske prosessane som skjedde når solsystemet vårt blei danna.

Dei tok vekk alt deuteriumet frå den interstellare isen, og tvinga solsystemet til å starte frå botnen av med å produsere is med deuterium i seg. Dei gav solsystemet ein frist på ein million år sidan det er standard tidsbruk for danninga av planetar frå protoplanetariske skiver.

Dette gjorde dei for å finne ut om solsystemet klarte å lage is med same mengde deuterium som finst i sjøvatnet på Jorda.

Kanskje så mykje som halvparten

Men det klarte ikkje modellen å gjere. Derfor konkluderte dei med at noko av vatnet i solsystemet vårt må ha oppstått i det interstellare rommet før Sola blei til.

Forskarane trur at så mykje som 50 prosent av vatnet på Jorda kan vere frå interstellar is.

– Dersom det meste av vatnet i solsystemet blei danna i kjemiske prosessar då sola vår blei til, kan det tyde på at mengda vatn varierer veldig når planetsystema blir forma. At så mykje av det i staden kjem frå interstellar is, lovar godt for det potensielle livet der ute, seier Conel Alexander som òg er ein del av forskargruppa til nettstaden space.com

Leave a Reply

Your email address will not be published.