Talemålsekskursjon i Troms

I forrige veke tok vi ein gjeng nordiskstudentar med på ein todagars tur i Troms for å gi dei eit møte med den talemålsvariasjonen som finst innanfor eit forholdsvis lite geografisk område, den første dagen i Manndalen i Kåfjord der dialekten ber preg av kontakt med samisk og kvensk, og den andre dagen i Øverbygd i Målselv der ein finn eit talemål som er meir til felles med dialekten nord i Østerdalen enn med andre nordnorske dialektar, sjølv 200 år etter at innvandringa frå Sør-Noreg fann stad. Studentane følgjer dette semesteret kurset «Språk og samfunn. Talemålsvariasjon og skriftspråknormering» som er eit av grunnemna på nordiskutdanninga. Lærar har vore stipendiat Monica Sætermo. Emneknagg på Twitter og Instagram var #Nordex2014.

I vakkert haustvêr la vi av garde i buss tidleg måndags morgon den 6. frå Prostneset i Tromsø til Kåfjord. Turen gjekk i ferje over to fjordar, Ullsfjorden og Lyngenfjorden, og med det kryssa vi også to mindre isoglossar: I Lyngen og vidare austover i Nord-Troms og Finnmark heiter nektingsadverbet ikke mot ikkje lenger vest (i dagens tromsømål er det rett nok mykje variasjon) og på austsida av Lyngenfjorden heiter det eg, meg, deg, seg mot æ(g), mæ(g), dæ(g), sæ(g) på vestsida og vidare vestover eit stykkje. (Ja, eit stykkje, for f.o.m. Lenvik og kystdelen av Målselv og sørvestover kjem formene med e inn att, men blir så avløyste av former med æ frå Skånland og Harstad, og så vekslar det tilbake til e-former igjen ein stad i Lofoten, og så kjem det æ-former i Bodø att, men derifrå og vidare sørover er det nok e-former som dominerer heilt til ein kjem til Trøndelag. I Finnmark er det forresten æ-former som dominerer, men med innslag av jei og andre ei-former her og der.)

No er det rett nok ein god del anna som tradisjonelt skil dialektane i Nord-Troms frÃ¥ dialektane lenger vest (og sør). Ein del av desse forskjellane er det naturleg Ã¥ tilleggja den historiske sprÃ¥ksituasjonen ein har hatt i omrÃ¥det. Om ein gÃ¥r 150 Ã¥r tilbake i tid, var norsk nærmast Ã¥ rekna for eit minoritetssprÃ¥k i omrÃ¥det. Som det framgÃ¥r av Friis etnografiske kart frÃ¥ 1861 for den inste delen og den ytste delen av Lyngenfjorden, var majoriteten av husstandane samisk- eller kvensksprÃ¥klege. SÃ¥ slo fornorskinga for alvor inn og no dominerer norsk totalt. Det har altsÃ¥ skjedd eit sprÃ¥kskifte og den norske dialekten som har etablert seg, ber i seg trekk som tilskrivast sjølve sprÃ¥kskiftet, altsÃ¥ kontaktsituasjonen med samisk og kvensk.Â

Desse forholda var hovudtema for den første dagen av ekskursjonen som var lagt til Senter for nordlige folk i Manndalen, ein stad som elles er kjent for den Ã¥rlege urfolksfestivalen Riddu RiÄ‘Ä‘u. I Nisga’a-langhuset ga kollega og medarrangør av ekskursjonen, Åse Mette Johansen, ei innføring i dei historiske forholda og korleis dei har prega den sprÃ¥klege utviklinga i omrÃ¥det. Ho har skrive masteroppgÃ¥ve om sprÃ¥kbyte og sprÃ¥kbevaring i nettopp heimbygda si, Manndalen, og er no i sluttfasen av eit doktorgradsprosjekt som tek denne forskinga vidare. Saman med kollegane Hilde Sollid og Philipp Conzett har ho elles den siste tida meir spesifikt undersøkt utviklinga av genusmarkering i dialektane i Nord-Troms og i Troms og Finnmark for øvrig og vunne nye innsikter pÃ¥ det omrÃ¥det. 

Ein strek i rekninga den første dagen var at ein heimelsperson vart sjuk og såleis forhindra frå å komma og gi studentane eit «levande» inntrykk av dialekten gjennom ein samtale med Åse Mette. Men då besøket i Manndalen vart avslutta med ei omvisning på Sjit-helvedes-kåken, var det med ein omvisar med tydeleg manndalsdialekt. Og opptak frå staden har vi elles frå før slik som dette videoklippet som stammar frå datainnsamlinga i prosjektet Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn) (som Åse Mette og eg gjorde 28. mai 2008). (Transkripsjon av videoklippet med kommentarar finn de her – på ei enno ikkje offisielt lansert nettside om nordnorske dialektar.) 

Historia om Sjit-helvedes-kåken, kjend mellom anna frå NRK-programmet Norsk attraksjon, tener til å kasta lys over fleire sider ved historia til Manndalen, både språkforholda og ikkje minst korleis storsamfunnet for dårleg med dette området og denne bygda som var den siste bygda tyskarane brende då dei vart jaga sørover av Den raude arméen i 1944. Krigen, med nedbrenning og evakuering, vart eit vegskilje for språkskiftet i Manndalen. Dette var ei av bygdene der det sjøsamiske språket heldt lengst stand mot fornorskinga, men med gjenreisinga etter krigen slo den moderne tida inn for fullt, og der følte mange at det samiske ikkje hadde nokon plass. Mange hadde vorte evakuert langt sør i landet, og med det vart dei konfronterte med si «annleisheit», at måten dei snakka norsk på, vart kommentert og at kleda dei brukte, skilde seg ut. Vel tilbake i dei nedbrende bygdene skulle dei no syna at også dei var gode nordmenn og ungane skulle i alle fall sleppa å snakka samisk. Såleis er det vanleg med søskenflokkar der borna fødde før krigen har aktive samiskkunnskapar medan dei som var fødde etterpå ikkje har det.

Omvisninga ved Sjit-helvedes-kåken avslutta ekskursjonsprogrammet i Manndalen, og bussen tok no gruppa vidare til Skibotn og UiTs feltstasjon som ligg eit stykkje opp i dalen mot finskegrensa. Skibotn er kommunesenteret i Storfjord kommune, og også denne kommunen er prega av historisk fleirspråklegheit og språkmøte mellom norsk, samisk og kvensk. I seinare tid har ein frå offisielt hald gått inn for å synleggjera dette i større grad, mellom anna ved å setja opp trepspråklege vegskilt. 

Vel framme på feltstasjonen venta middag etterfølgt av sosialt samvær rundt bord og peis. Ein viktig tanke med ekskursjonen vår var at ut over det faglege skulle han òg vera eit sosialt og miljøbyggjande tiltak, og som kveldsunderhaldning hadde eit par av studentane teke på seg å arrangera ein kviss. Vi lærarar vart sette på eige lag med beskjed at vi deltok utanfor konkurranse. Det var jo litt surt, men vi tok det pent. (Trur eg.)

Etter frukost neste dag gjekk turen vidare via Tamokdalen til Øverbygd som ligg øvst i hovuddalføret i Målselv. Det skulle bli eit møte med ein heilt annan dialekt og med eit samfunn med ein heilt annan historie. Som mange veit, vart dalane i Målselv og Bardu folkesett frå slutten av 1780-talet og framover av innvandrarar frå Sør-Noreg, først og fremst frå Nord-Østerdalen, men òg delvis frå Gudbrandsdalen og Trøndelag. Det ber dialekten framleis preg av: Typologisk sett er det snakk om ein austnorsk dialekt, ein dialekt i diaspora. Eller eigentleg må vi snakka om dialektar, for sjølv innanfor dette området i Indre Troms er det merkbar variasjon mellom bygdene. Den vanlege fellesnemnaren for dialektane er dølamål.

Det første stoppet vårt var på Kongsvoldtunet ved Rostavatnet, eit gammalt gardstun som no inngår i Midt-Troms museum.  Her vart vi møtte av fem medlemmer av styret for venneforeninga som ga oss ei lita omvisning og fortalde om både historien til bygda og matskikkar og meir. Og inne i ei av stovene venta kaffi og lokale bakstevarer som melkkake, knipkake og tjukkbakels. Vertskapet fungerte elles som heimelsfolk for den lokale dialekten, og ein smaksprøve kan de også få i dette videoopptaket der Rigmor Lyngås fortel om lokale mattradisjonar i Øverbygd og dei andre dølabygdene i Indre Troms. 

Vidare frå Kongsvoldtunet gjekk ferda til Skjold, tettstaden i Øverbygd, ein stad som er velkjend for mang ein «søring» som har utført militærteneste i Hæren nordpå. Framleis er Maukstadmoen ein operativ leir, men i nedlagde Holmen leir rett attmed ligg no FIlmCamp, eit senter for film- og TV-produksjon der mellom anna det meste av Kautokeino-opprøret vart spelt inn. Her fekk vi oss lunsj, og under lunsjen kom ein lærar med fire ungar frå Øvergård Montesorriskole for å snakka med oss. På humoristisk vis fekk læraren fram korleis «forfallet» i dialekten no brer om seg og korleis foreldrebakgrunnen til ungane delvis kunne seia noko om variasjonen vi fekk høyra og observera mellom dei. 

Etter lunsj heldt det faglege programmet fram. Helene Nordgård Andreassen, som arbeider som fagansvarleg for fransk og lingvistikk på Universitetsbiblioteket på UiT, er frå Øverbygd, og ho involverte vi tidleg som ressursperson for dag 2 av ekskursjonen. Ho la opp heile programmet for dagen, og etter lunsj var det ho sjølv som stod for innhaldet, no med det ho valde å kalla eit kåserande føredrag om dialektane i Indre Troms der ho systematisk tok føre seg variasjonen mellom dei ulike bygdene i Målselv og Bardu og viste korleis måla lengst frå kysten, ikkje uventa, har endra seg minst frå opphavsdialektane sørpå. Helene har doktorgrad i fransk språkvitskap, men er elles levande oppteken av sin eigen dialekt, og i januar 2008 fekk eg henne med meg på datainnsamling i Målselv for ScanDiaSyn-prosjektet (på same måte som Åse Mette var med til Manndalen, sjå ovanfor). Den gongen besøkte vi Kirkesdalen, og rapport derifrå kan ein lesa i dette blogginnlegget. (Ein utvald prøve frå opptaka vi gjorde, er elles å finna her, igjen på den enno ikkje offisielt lanserte nettstaden om nordnorske dialektar.) 

OgsÃ¥ dag 2 vart avslutta med ein kviss, men denne gongen var det to av kvinnene i styret for Kongsvold-venneforeninga som stod for oppgÃ¥vene. Dei handla om Ã¥ forklara 10 lokale dialektord. Igjen danna vi lærarane ei gruppe, og like før vinnaren vart annonsert, var eg ærleg nok til Ã¥ pÃ¥peika at vi dagen før hadde vore utanfor konkurransen, og at vi sÃ¥leis burde vera det denne gongen ogsÃ¥. Ei korg fylt med lokale spesialitetar som moltesyltetøy, krøkebærsaft, mÃ¥lselvneper og andre godsaker hamna sÃ¥leis hjÃ¥ eit av studentlaga til stor glede for dei. I bussen dei knappe to timane heim til Tromsø var det heldigvis fleire i studentgruppa som fekk nyta godt av premien.Â

Vel heime i Tromsø var det ei tilsynelatande inntrykksmett og trøytt gjeng med studentar som dro kvar til sitt. Og vi håpar dei med denne turen hadde fått eit godt inntrykk av det ganske nær Tromsø og det stereotypiske nordnorske finst forskjellige dialektar og tilhøyrande lokalsamfunn, prega av ganske ulik historie. Ønskjet er at vi kan gi nye studentgrupper slike direkte møte med talemålsvariasjonen i Troms også i seinare semester. 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.