Forskarane er enige om at mangfaldet av artar er under press, men kor mange artar finst det eigentleg? Og korleis kan ein kjenna alle saman frå kvarandre?
Eitt av dei viktigaste verktøya dei siste ti åra har vore det som heiter DNA-strekkoding. Ved å studera eitt bestemt punkt i DNA-et til ein organisme, kan den få ein signatur som kan skrivast ned som ein strekkode.
Ved å samanlikna strekkoden frå ein vevsprøve med strekkodane i eit referansebibliotek, kan forskarane på ein-to-tre slå fast kva organisme prøven kjem frå. Dette er ofte ein mykje meir effektiv måte å identifisera artar på enn å studera anatomiske kjenneteikn.
Så mange organismar, så lita tid
Men problemet for forskarane er at det er så mange organismar, og så lita tid. For referansebiblioteket er ikkje gjeve på førehand, det må byggjast opp bit for bit.
Det betyr at kvar art må identifiserast med sikkerheit før den vert strekkoda. Fyrst då vil ein ha ein referanse som framtidige vevsprøvar kan samanliknast med.
- Les også: – Soppbøkene må skrives om
Derfor allierte forskarane ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo seg med Norges sopp- og nyttevekstforbund, og tok med seg laboratorieutstyret ut i skogen under forbundet sitt haustsopptreff for å registrera storsopp.
– Dette nasjonale sopptreffet kombinert med ein ekstremt god sopphaust var eit høve vi ikkje kunne la gå frå oss, seier overingeniør Gunnhild Marthinsen ved NHM.
Større innsats
Storsopp omfattar dei soppane ein vanlegvis tenkjer på som sopp, det vil seie sopp med fruktlekamen over bakken. Gjær og mugg er døme på soppar som ikkje er storsopp.
– Berre på denne eine dugnaden samla deltakarane inn 400 artar for strekkoding. I Norge reknar vi med at det finst rundt 3000 artar storsopp, så dette er sjølvsagt eit stort steg vidare, fortel Marthinsen.
- Les også: Rydder i soppjungelen
– Med fleire deltakarar får vi dekt mykje større område. Ein del artar finst jo «overalt», men når dei vanlegaste artane er dekt, krevst det større innsats for å for å finna uregistrerte artar. Skulle vi ha gjort dette utan hjelp, ville det teke mykje lenger tid.
På kveldane identifiserte fagfolket materialet som var samla inn på dagen saman med amatørane. Og nett soppfolket kan vera blant dei som får praktisk nytte av dette arbeidet.
Nettverk av forskingsinstitusjonar
– Det er jo ikkje uvanleg at folk forvekslar soppar som kan etast med soppar som er giftige. Om nokre år er det ikkje utenkjeleg at vi kan ha handheldne dingsar der vi kan leggja inn ein liten prøve, og umiddelbart få vita kva soppart vi har for oss, seier Marthinsen.
Strekkodinga av storsopp tok til i sommar, og til no har NHM registrert 600 artar.
Arbeidet vert organisert av NorBOL (Norwegian Barcode of Life), eit nasjonalt nettverk av forskningsinstitusjonar som samarbeider om DNA-strekkoding i Norge. NorBOL er i sin tur ein del av nettverket International Barcode of Life (iBOL).
Leave a Reply