How science writing makes me a better scientist.

Eg er doktorgradsstipendiat knytt til Senter for Kreftbiomedisin ved Radiumhospitalet. Stillinga er finansiert av Kreftforeningen. Eg er interessert i korleis utviklingsbiologi kan bidra til å forstå basalmekanismar i sjukdomsutvikling, med fokus på celledeling og kreft. Ellers er eg stort sett alltid nyfiken og likar å undrast over biologi, naturen, menneske og ymse anna spanande.

Hausten 2013 jobba eg ved University of California – Los Angeles for å lære nye teknikkar og å utvide den faglege kompetansen min. Dette var svært inspirerande og ga nye innfallsvinklar til spennande forsking og nye fagfelt. 

Nokre av desse inspirasjonskjeldene og ideane er utgangspunktet for denne bloggen, der eg vil skrive om møtet med internasjonal forskingskultur, erfaringar frå livet som doktorgradsstipendiat og ei interesse for forskingsformidling.

Ved sidan av er eg glad i friluftsliv, mat, kunst og kultur. 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.