Ein del av norske barn og unge opplever vald frå foreldra sine, frå både mor og far. Likevel blir valdelege kvinner oppfatta som meir avvikande enn valdelege menn.
‒ Det kan føre til at kvinner si vald blir meir usynleg og tabubelagt, seier Anja Emilie Kruse, forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS).
I ein ny rapport har ho og kollega Solveig Bergman studert mødrer si bruk av vald overfor barna sine.
‒ Mødrer sin bruk av fysisk vald kan tolkast som forsøk på å stadfeste kontrollen over barna. Men valden kan òg vere eit uttrykk for ei oppleving av mangel på kontroll.
Flat hand, dytting og lugging
Fleire studiar tyder på at fedrar er overrepresentert blant dei som utøver vald med høg risiko for fysisk skade.
Mindre kjent er det at mødrer står for mykje av valden som handlar om slag med flat hand, dytting, lugging, klyping eller fasthalding. Valden mødrer utøver kan også vere psykisk, som truslar, audmjuking, utskjelling og ignorering.
‒ Sjølv om denne typen fysisk vald ofte blir definert som såkalla mindre alvorleg i forskinga fordi han medfører lav risiko for fysisk skade, betyr ikkje det at den ikkje er skadeleg for barn. Også denne valden gjer barn utrygge og redde, skapar frykt og usikkerheit, og kan gi alvorlege seinverknadar, seier Kruse.
Jenter meir utsett
Ei norsk undersøking frå 2007 viser at 26 prosent av norske ungdommar mellom 18‒ 20 år har vorte utsett for fysisk vald eller fysiske krenkingar frå ein av foreldra, medan sju prosent hadde opplevd vald frå begge foreldra.
Fordelt på kjønn har jenter i litt større grad enn gutar blitt utsett for mindre alvorleg vald frå foreldra.
Det er særleg i relasjonen mellom mor og dotter at denne valden skjer, og jenter er såleis meir sårbare for å oppleve slik vald enn gutar. Forskinga har i mindre grad vore opptatt av personane bak tala, valdsutøvarane, og da mødrene spesielt.
I forskingsrapporten har Kruse og Bergman gjort kvalitative djupneintervju med sju mødrer som alle har erkjent at dei har brukt illegitim, fysisk makt eller vald overfor barna sine. Mødrene har sjølv søkt profesjonell hjelp for å handtere sinne, aggresjon eller valdsbruk.
Vanlege, men ikkje heilt vanlege
Kvinnene som er intervjua, lever det som kan karakteriserast som relativt vanlege liv, i den forstand at dei både har jobb, ordna buforhold og eit gjennomsnittleg utdanningsnivå.
Samstundes har kvinnene også erfaringar som passer inn i det bildet av risikofaktorar for valdsutøving som forskinga teiknar opp. Fleire av mødrene har til dømes også brukt vald mot partnarane sine, og fleirtalet har sjølv vore utsett for vald i oppveksten.
‒ Deira historier kan fortelje oss noko om den valden og illegitime fysiske maktbruken som mødrer ifølge omfangsstudiar, oftast tek i bruk overfor barna sine. Slik sett har vi studert den vanlegaste valden mot barn, den som hender oftast og rammar flest. Samstundes er desse kvinnene likevel ikkje vanlege, i og med at dei sjølv har søkt hjelp for problema sine, fortel Kruse.
Ho kunne “fike til ham med flathånda i ansiktet”
Ei av mødrene fortalde om situasjonar kor ho hadde vore sint på tenåringssonen sin, og korleis ho kunne «fike til ham med flathånda i ansiktet» dersom ho opplevde at han hadde lyge eller brote tilliten hennar.
Nokre av mødrene fortel også at dei har haldt barna sine hardt fast eller haldt dei nede i ei seng eller ein sofa. Den fysiske valden vart ofte følgt opp med psykisk vald. Ei mor kunne til dømes kalle sonen for udugeleg og truge med å skade seg sjølv dersom han ikkje endra åtferd.
‒ Vald har prega livet til alle kvinnene vi har intervjua på ulike måtar. For nokre av kvinnene er valden tilstade på fleire arenaer i livet deira på same tid. De kan vere valdelege overfor barna sine, overfor partnaren sin og kanskje mot andre personar, og opplever at dei har eit aggresjonsproblem, seier Kruse.
‒ Dei har også kanskje vore utsett for vald i sin eigen oppvekst eller i parforholdet sitt. Dette er likevel ikkje tilfelle for alle kvinnene vi intervjua.
Når alt går i svart
Forskarane har ikkje samanlikna menn og kvinners forteljingar om vald direkte, men peikar på at kvinnene dei intervjua snakka om valden på måtar ein kjenner til frå forsking på menn som har brukt vold.
‒ Kvinnene eg intervjua fortalde om eit sterkt sinne i situasjonane kor dei brukte vald mot barna sine. Mødrene fortalde at sinnet «bobler inni meg», eller at dei blir så sinte at «rullgardina går ned» eller at «alt går i svart».
Sinnet vart akkompagnert av kjensler av frustrasjon, stress og maktesløyse, i kombinasjon med det mødrene opplevde som mangel på autoritet, tillit og respekt frå barna sine.
‒ Mødrene fortel om situasjonar kor dei opplever å sleppe opp for verktøy overfor barna. De opplever å ha prøvd alt og veit ikkje lenger kva dei skal stille opp med i møtet med barn som ikkje gjer som dei vil, seier Kruse.
Som ei av mødrene seier:
«Jeg tenker at jeg prøver og prøver og prøver å få til noe, og så når jeg ikke får det til, jeg føler at jeg feiler da. Det er jeg som ikke er bra nok. Det tror jeg er en fellesnevner».
Vald som grensesetting
Ifølgje Kruse handlar mykje av mødrene si vald først og fremst om å få sin vilje igjennom og tvinge barnet til å gjere som ein vil.
Ei mor fortel til dømes at ho ved leggetid har haldt barnet sitt nede i senga med makt, når det ikkje vil ligge i senga, sjølv om barnet uttrykte smerte og frykt.
‒ Men eit formål med valden kan og vere å få utløp for opplevingar av sinne, eller kjensla av å ikkje bli sett, høyrt eller elska, fortel Kruse.
Ei av mødrene kunne fortelje si fireårige dotter at «ingen var glad i henne», for å irettesette ho når ho hadde gjort noko mora ikkje likte. Mora fortalde at det kjentes litt godt å såre dottera, og sjå at fireåringen også blir lei seg og fortvila. Da forskarane spurde kvifor ho gjorde det, svara ho:
«Kanskje fordi jeg vil at hun skal (…) oppleve det samme som meg, eller kanskje for at jeg inni meg vil ha en bekreftelse på at hun er glad i meg. For når jeg sier at jeg ikke er glad i henne, og ser at hun blir lei seg, skjønner jeg at hun er glad i meg.»
‒ På same måte kan den fysiske valden også bli forstått som eit forsøk på å mestre desse vonde kjenslene av maktesløyse, å ikkje ha innverknad på folka rundt seg og at ingen er glad i ein, seier Kruse.
Skamfullt å slå
Alle mødrene som Kruse intervjua var klare over at det i Noreg herskar nulltoleranse mot vald mot barn, og at ingen gode foreldre slår barna sine. Men kvinner som slår passar heller ikkje inn i vanlege førestillingar om det kvinnelege, ifølgje Kruse.
Det kan bidra til at spesielt kvinners vald mot barn er forbunde med skam og tabu.
‒ Mødrene opplevde at dei hadde gått over streken, som dei sa, overfor barna sine, og dette var noko dei skamma seg over. Difor var fleire av kvinnene opptatt av å ansvarleggjere seg sjølv. Dei erkjente at dei hadde problem med vald eller eit valdsamt sinne, og dei fleste meinte difor at dei måtte ta ansvar for det dei hadde gjort, fortel Kruse.
Sjølv om mødrene utøver vald i situasjonar kor dei kjenner seg avmektige, ser forskarane også på mødrene si vald mot barna som eit uttrykk for makt. I kraft av å vere vaksenperson og forelder står ei mor over barna sine i makthierarkiet.
‒ Slik blir valden mot barna ei form for maktutøving, kor barna si frykt, tilpassing og avhengigheit av mora samstundes stadfestar denne makta, seier Kruse.
Ideal og praksis
Forskarane streker under at sjølv om kvinner kan ha vore utsett for partnarvald eller vald i barndommen, har dei i likskap med menn alltid eit sjølvstendig ansvar for å ikkje bruke vald.
Å sjølv vere eit offer for vald fjernar ikkje ansvaret, men er noko ein kan forstå valdsbruken i lys av. Trass i at det på ingen måte er stovereint å slå barn i Noreg, kan det vere stor avstand mellom ideal og praksis, ifølgje forskarane.
‒ Familien er ikkje fri for makt, forhandlingar og interessemotsetningar. Det same gjeld også forholdet mellom mødrer og barna deira. Det er difor eit stort behov for kunnskap om den valden som mødrer står bak, seier Kruse.
Referanse:
Solveig Bergman og Anja Emilie Kruse. Mødres bruk av fysisk makt mot barn – situasjoner, hendelsesforløp og forståelse. Prosjekt NKVTS.
Leave a Reply