Samisk språksenter i Kåfjord 20 år!
Sist fredag heldt eg eit føredrag pÃ¥ 20-Ã¥rsjubileet til Samisk sprÃ¥ksenter i Olmmáivággi/Manndalen, Gáivuotna/KÃ¥fjord i Nord-Troms. Føredraget hadde tittelen «Ei framtid for samisk», og eg prøvde sÃ¥ godt eg kunne å seia noko vitig om emnet. Konklusjonane i føredraget kan de sjÃ¥ her, og resten av presentasjonen ligg til deling her for den som mÃ¥tte vera interessert.Â
Arbeidet med å vidareføra samisk språk krev stor innsats på alle nivå, frå den samiske grasrota til statleg politikk, og som i tidlegare samanhengar la eg vekt på kor viktig det er å rekruttera born og unge som brukarar av samisk språk, og at barnehage og skule er særs viktige instrument i den samanhengen. Dette er også i tråd med konklusjonane i Samisk språkundersøkelse 2012.
Samisk talknusing
Eg har tidlegare drive med talknusing og framskriving av talet pÃ¥ samisksprÃ¥klege i Noreg. Eg skal ikkje pÃ¥stÃ¥ at modellen min er veldig avansert – kanskje er han hÃ¥plaust naiv – men ingen har sÃ¥ langt irettesett meg. Uansett er hovudtanken at viss vi tek utgangspunkt i talet pÃ¥ born som fÃ¥r samiskopplæring i den norske skulen i dag, og at det i hovudsak er desse som vil bera samisk sprÃ¥k vidare (i Noreg), vil vi ikkje fÃ¥ ein auke i talet pÃ¥ framtidige talarar i Noreg. BÃ¥de dei som fÃ¥r opplæring i samisk som førstesprÃ¥k (altsÃ¥ som har det som viktigaste opplæringssprÃ¥k i skulen, Samisk 1) og dei som fÃ¥r opplæring i samisk som andresprÃ¥k (Samisk 2 og 3) trengst viss ein skal oppretthalda same tal pÃ¥ samisksprÃ¥klege som vi har i dag. Dersom berre førstesprÃ¥kselevane blir framtidige berarar av samisk, vil ein oppleva ei halvering av framtidige talarar av alle dei tre samiske sprÃ¥ka i Noreg. Dersom ogsÃ¥ andresprÃ¥kselevane blir funksjonelle brukarar av samisk, vil talet pÃ¥ nordsamiskbrukarar kunna haldast pÃ¥ dagens nivÃ¥, medan ein for lulesamisk og sørsamisk vil oppleva ein auke. Â
Språklause samar
Men ein del tyder på at berre eit mindretal av elevane som har opplæring i samisk som andrespråk, blir trygge, funksjonelle brukarar av samisk på lengre sikt. Truleg må dei i så fall komma frå, og vera i, miljø der samisken står sterkt eller på andre måtar vera sterkt motiverte.
Samtidig er det slik for den samiske populasjonen at mindre enn halvparten av dei som reknar seg som samiske, er funksjonelle brukarar av samisk. Og mange av samane som ikkje meistrar samisk sprÃ¥k, opplever det som eit sakn. Slik sett burde det vera ei mÃ¥lsetjing Ã¥ auka talet pÃ¥ samiskkunnige, og det er dÃ¥ interessant Ã¥ spørja seg ikkje berre kor mange elevar med samiskopplæring som mÃ¥ til for Ã¥ halda oppe dagens nivÃ¥, men ogsÃ¥ kor mange som burde fÃ¥ samiskopplæring om ein tek utgangspunkt i talet pÃ¥ heile den samiske populasjonen (pÃ¥ norsk side), altsÃ¥ inklusive dei «sprÃ¥klause» samane.Â
Kor mange samiskelevar burde det vera?
Til det siste gjorde eg ei utrekning i samband med føredraget i Manndalen. Og ogsÃ¥ dette reknestykkjet er forholdsvis enkelt. Det vil seia: Det er ikkje sÃ¥ heilt enkelt Ã¥ vita kor mange samar det er i Noreg. Men om vi tek utgangspunkt i at det er 50 000 personar, utgjer det 1% av den totale folkesetnaden pÃ¥ 5 millionar. NÃ¥r vi sÃ¥ veit at eit Ã¥rskull elevar i den norske skulen er pÃ¥ ca. 60 000, betyr det at 600 av dei i prinsippet kan tenkjast Ã¥ vera born av samiske foreldre – i alle fall om vi tenkjer veldig firkanta og ser bort ifrÃ¥ at etnisitet er kjempevanskeleg. Viss vi sÃ¥ tenkjer oss at alle desse i prinsippet burde fÃ¥ samiskopplæring, anten som førstesprÃ¥k eller andresprÃ¥k med tilbod gjennom heile skuleløpet, kan vi ganga talet med 10 klassetrinn. I sÃ¥ fall burde det vera 6 000 elevar som fÃ¥r samiskopplæring i den norske skulen. Det faktiske talet er drygt 2000 – i 2012 var det 2126. Talet pÃ¥ førstesprÃ¥kselevar var 940.Â
Med andre ord: Dersom talet pÃ¥ samiskelevar i den norske skulen skal avspegla talet pÃ¥ etniske samar i Noreg, bør det tredoblast. Og dersom vi vil vera meir beskjedne pÃ¥ den norske samiske populasjonens vegner og seia at totaltalet berre er 25 000, altsÃ¥ 0,5%, bør talet pÃ¥ samiskelevar like fullt aukast med 50%. Ein kan sjølvsagt pynta pÃ¥ talet ytterlegare og seia at andresprÃ¥kselevar treng det ikkje Ã¥ finnast pÃ¥ alle trinn, og pÃ¥ den mÃ¥ten kan ein fÃ¥ talet ned mot det faktiske nivÃ¥et vi har i dag. Men det siste kan vanskeleg kallast spesielt proaktivt frÃ¥ eit sprÃ¥krevitaliseringsperspektiv. Â
Små og store mål
Er så ei slik øving som dette godt for noko som helst? Eg har mest lyst til at andre skal svara på det spørsmålet. Eg meiner jo svaret er ja, for sjølv om det samiske språkarbeidet til sjuande og sist handlar om stor innsats frå einskildindivid, i familiar, i barnehagar, på skular rundtomkring, om vaksenopplæring og språkbad, om meir synleggjering og så vidare, så er det nyttig også nokre gonger å løfta blikket og sjå det store biletet. Sjå korleis dei mange bekkane til slutt skal bli ei stor å. Og ved å talfesta dei store måla, blir det vonleg lettare å forstå kvifor tiltak på alle nivå frå statleg lovgiving og løyvingar til det daglege språkarbeidet i barnehagar og familiar er viktige og kvifor kvart einaste individ som blir samiskspråkleg, tel også i den store samanhengen.
Leave a Reply