Britiske forskarar har funne ein metode for å la deg kjenne det usynlege. Ultralyd lagar 3D-formar som du kan ta og føle på med hendene.
I dag vert ultralyd brukt medisinsk til å varme opp musklar eller knuse nyresteinar. Ein kan òg sjå på hjerte, vev, indre organ, ledd, blodkar og ikkje minst foster ved hjelp av den.
I studien frå University of Bristol har forskarane nytta den same teknologien til haptisk tilbakemelding – det vil seie kommunikasjon ved å røre ved noko.
Tek på hologrammet
– I framtida kan me ta og føle på hologram av objekt som ein elles ikkje kan røre. Me kan mellom anna føle skilnaden på materiale i ein CT-skannar, eller forstå figurar av gjenstandar på museum, seier Ben Long på University of Bristol i ei pressemelding.
På den måten kan kirurgen kjenne på ein svulst. Hologram, virtuell røyndom eller komplekse kontroller er andre moglege måtar å bruke teknologien på.
Studien er publisert i ACM Transactions on Graphics. No vert teknologien vist fram på messa Siggraph Asia i Shenzhen i Kina; ei messe og konferanse om datagrafikk og interaktive teknikkar.
Usynleg på video
Det er ikkje lett å vise fram noko som er usynleg, men forskarane har visualisert metoden på video:
Referanse:
Long, Benjamin m.fl. Rendering volumetric haptic shapes in mid-air using ultrasound, ACM Transactions on Graphics, november 2014, doi: 10.1145/2661229.2661257
Leave a Reply