Her om dagen la Ivar Berg ut juleevangeliet på gammalnorsk (Luk 2, 1-20) på Facebook-profilen sin. Ivar er postdoktor ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU og ein av høvesvis få foskarrekruttar til faget norrøn filologi her til lands. Glad som eg er i det gamle språket vårt (meir om det nedanfor – mykje meir!), tykte eg teksten kunne få nå litt vidare ut. Julaftan 2009 la eg ut ein bloggtekst med juleevangeliet på elvdalsk, med opplesing av Lena Willemark, og dette får bli ei slags oppfølgjing av det – opplesing vert det rett nok dårleg med.
Teksten Ivar la ut, er teken frå Gamalnorsk homiliebok, utgåve etter Gustav Indrebø, side 38, og i følgje han sjølv «varsamt normalisert». Slik «lyd» det (samanlikn med Indrebøs «original» her):
Augustus konungr sende boðorð um allan hæim at láta ríta manntal í hverri borg, at hann vissi hvé mykinn skatt hann skyldi hæimta ór hverjo heraðe.
En sjá rítning hófsk fyrst af Syrlandsjarle, þæim er Cyrinus hét, ok fór þá hverr til síns heraðs.
Ðá fór Josef ór Galilea í borg Davið þá er Betlehem hæitir með festarkono sinni Marie, því at þau váro ór kyni Davið.
En er þau váro þar, þá fyldosk dagar Marie ok bar hon son sinn frumgetenn ok vafðe hon hann í ræifum ok lagðe hann í eto, því at eigi var rúm í gestaskála.
En hirðar váro í því heraðe ok heldo náttvǫko yfir hjorð sinni.
Engil guðs stóð hjá þæim ok skæin mykit ljós yfir þá ok ræddosk þæir.
En engillenn mǽlte við þá: Eigi skolo þér ræðask, því at ek boða yðr mykinn fagnað þann er vera mǫn ǫllum lyð, því at í dag er borenn grǿðare hæims Kristr drottenn í borg Davið.
En þat er yðr at marke at þér munuð finna barn vaft í ræifum ok lagt í eto.
Ðá gerðesk fjolðe engla með þessom æinum engle, ok lovaðo aller guð ok mælto: Dyrð sé guði á himnum ok á jorðu friðr monnum er gott vilja.
En er englar hurfu frá þæim, þá mælto hirðar með sér: Fǫrum vér allt í Betlehem ok sjám orð þat er gorzk hefir ok drotenn syndi oss.
Ðá fóro þæir skyndilega ok funno Josef ok Maria ok barn í eto lagt.
En er þæir sá, þá kendo þæir orð þat er þæim var sagt ok undraðosk allir er þessor tíðende høyrðo er hirðarner sǫgðu.
En Maria varðvæite oll orð þessor í hjarta sínu.
En hirðar hurfu aptr ok lofaðo guð í ollum lutum þæim er þeir hǫfðu sétt eða høyrt.
Dette er verkeleg gammal norsk og ikkje det normaliserte norrønt vi vanlegvis møter og som i større grad reflekterer gammalislandsk enn gammalnorsk. Det tydelegaste teiknet på dette er endingsvokalane -o og -e istadenfor -u og -i. I første vers har vi til dømes hverjo heraðe mot det gammalislandske hverju heraði, dativ eintal av ‘kvart herad’. I diskusjonen etter Ivar sitt innlegg går det elles fram at gammalnorsk har den ubrotne forma eta ‘stall’ (i teksten i dativ eto) der islandsk har jata. (Om du lurer på kva ‘brytning’ og ‘ubroten form’ er, kan du lesa meir her.)
Eg sa innleiingsvis at eg er glad i det gamle språket, og lat meg nytta høvet til å gjera nærmare greie for mitt forhold til norrønt – sjølv om det sjølvsagt er totalt irrelevant for presentasjonen av juleevangeliet. Eg tok nordisk som første fag då eg byrja på Universitetet i Bergen hausten 1987. Etter at eg hadde innsett at det var uhøveleg å ta italiensk grunnfag, gjekk eg rundt på dei andre språkinstitutta og bad om råd. På Nordisk institutt vart eg vist inn på kontoret til ein professor som spurde meg kvifor eg kunne tenkja meg å ta nordisk grunnfag. Eg svarte at eg hadde ei særleg interesse for norrønt og dialektar. Professoren tykte det var eit godt utgangspunkt, og eg byrja på faget. På eksamensfesten eit knapt år seinare fortalde denne professoren meg at han nesten hadde falt av stolen då eg hadde oppgitt norrønt og dialektar som motivasjon for å studera nordisk – han var langt meir vand med at studentane var drivne av interesse for litteratur. Vedkommande heitte Magnus Rindal, den gong professor i norrøn filologi ved UiB og seinare det same ved UiO.
Magnus var rett nok ikkje læraren min i norrønt. Eg hadde Bjarne Fidjestøl gjennom to semester, og eg trur aldri eg har hatt ein betre lærar på universitetet. Eg såg alltid fram til timane hans. Seinare forlet eg nordiskfaget til fordel for allmennlingvistikken som eg har hovudfag i frå 1994 med oppgåva The syntactic source and semantic reflexes of the Definiteness Effect, der eg samanlikna bestemtheitsrestriksjonen i presenteringssetningar i norsk og finsk (og engelsk). Då hadde eg i heile 1993 studert ved Helsingfors universitet, mogleggjort av eit stipend under kulturavtalen mellom Noreg og Finland.
Men skjebnen skulle føra meg nærmare norrønt att. Medan eg avslutta hovudfaget, sendte eg inn nye søknader om kulturavtalestipend, denne gongen både til Finland og til Island. Bjarne Fidjestøl skreiv tilråding til meg til islandssøknaden. Eg vart innstilt til begge, og no måtte eg velja: Skulle eg følgja det fennistiske eller det nordiske sporet? Det vart Island på meg: Studieåret 1994/1995 var eg sagaøya og lærte meg islandsk samtidig som eg la grunnlaget for vidare forsking på komparativ nordisk syntaks.
Nokon norrønforskar vart eg rett nok ikkje av opphaldet på Island. Det var heller aldri meininga. Men ved at eg lærte meg islandsk, fekk eg eit heilt anna forhold til det gamle språket rett og slett ved at eg mykje lettare kan lesa norrøne tekstar og ved at eg fekk meir operative grammatikkunnskapar. Og då eg i januar i år vart tilsett som professor i nordisk språkvitskap ved UiT, fekk eg god bruk for denne kunnskapen. UiTs professor i norrøn filologi, Endre Mørck, var ute i forskingspermisjon, og det var då naturleg at oppgåva med å undervisa innføringsemnet i eldre språk og språkutvikling falt på meg. Og det tykte eg var berre kjekt! No fekk eg altså undervisa i det emnet som i utgangspunktet hadde ført meg til nordiskfaget. Ringen var slutta!
Endre Mørck er framleis ute i forskingspermisjon og skal vera det heile 2015 (heldiggrisen!), og eg skal igjen undervisa innføringsemnet i eldre språk kommande vårsemester (helddiggrisen!). Eg har alt byrja å gle meg! Og sjølv om dette stykkjet eigentleg handlar om gammalnorsk, vel eg å avslutta med ei helsing på moderne islandsk:
Ég óska ykkur öllum gleðilegra jóla og farsæls nýs árs!
Leave a Reply