Ekspertar frå Disney Research har sett seg lei av dei ikoniske store auga på animasjonsfigurar. Difor har dei utvikla teknologi som skal gjenskape hyperrealistiske auge.
Forskarane føreslår eit nytt opptakssystem som er i stand til nøyaktig å rekonstruere alle dei synlege delane i auget. Med fleire kamera og variert belysning fangar dei form og tekstur av den kvite senehinna, forma av den gjennomsiktige hornhinna og form og farging av iris – den farga delen av auget kring pupillen.
Ein kan sjå korleis pupillen utvidar seg og smalnar med slik animasjonsteknikk.
- Ei av dei store utfordringane med datagrafikk er å lage fotorealistiske digitale menneske, og lite merksemd har vorte via til auge, og forma på dei, seier hovudforfattar av studien, Pascal Bérard som er doktorgradsstipendiat i datagrafikk ved Disney Research Zürich og ETH Zürich
Han påpeiker at dei har forska mykje på å fange skodespelarane sine andlet, spesielt for rekonstruksjon av overflater på hud og funksjonar som hår.
Disney Research presenterte forskinga på forskingsmessa SIGGRAPH Asia 2014 tidlegare denne månaden, og studien er publisert på deira nettstad.
Her demonstrerer forskarane den animerte nyvinninga:
Kameraverkstad
- Den nye animasjonsteknikken vil redusere tidsbruk og bidra til å auke realismen i auget, seier Bérard.
Det er krevjande å gjenskape realistiske auge. Ein person må liggja stille med hovudet på ei nakkestøtte. Her må vedkommande liggja i 20 minutt. Menneskeauge er små, og hornhinna og iris har så ulike eigenskapar at dei må verte gjengjeve med ulike teknikkar.
Dei nyttar fleire kamera, modifisert lys som vert nytta som primærllys under fotografering, og ulike farga LED-lys som vil reflektere på hornhinna.
I tillegg til å fange dei geometriske og utsjånadmessige variasjonane mellom individa, har forskarane også aktivert datadrivne animasjonar av iris. Her kan dei vise korleis muskelen vert deformert i det pupillen utvidar seg, eller smalnar til, i kontakt med lys. Andre rørsler enn desse er enno ikkje utvikla.
Ingen perfekte auge
Vel å merke har teknologien sine avgrensingar, for auget vert ikkje perfekt. Iris eller regnbogehinna er delvis gjennomsiktig noko som gjer at den er vanskeleg å gjenskape korrekt. Enkelte refleksjonseigenskapar har heller ikkje vorte utvikla.
Forskarane peiker på at det vil vere spanande å sjå nærare på komplekse bevegelsesmønster av augeeplet i framtida.
Referanse:
Berard, Pascal mfl: High-Quality Capture of Eyes. (PDF) Disney Research Zürich (10. november 2014). DOI:
Leave a Reply