Når ein vert eldre, får ein gjerne problem med hukommelse, språk og tenking. Dette vert kalla mild kognitiv svikt (MCI), ein tilstand som aukar risiko for seinare å utvikle demens og Alzheimers.
Mild kognitiv svikt førekjem hjå 10-20 prosent av dei som er 65 år eller eldre. Menn har høgare risiko enn kvinner.
- Les også: Menn har høyere risiko for minnetrøbbel
Korleis skal ein førebyggje eller hindre denne tilstanden? Det har forskarar ved University of Medical School undersøkt.
Trening og sosialt engasjement er nokre av livsstilsråda.
Studien er publisert i Journal of The American Medical Association.
Tren og stump røyken
- MCI er vanskeleg for både klinikarar, pasientar og deira familie, fordi vi framleis veit lite om tilstanden, seier Kenneth Langa, professor ved University of Michigan og medforfattar av studien, i ei pressemelding.
- Vi har framleis ikkje gode svar, men medisinsk litteratur viser at der er faktorar som kan påverke risikoen, alvorlegheitsgrada og progresjonen av tilstanden, seier han vidare.
Folk som har denne tilstanden kan slite med depresjonar, aggresjon og irritabilitet, angst og apati. Dei kan ha problem med hukommelsen, gløyme viktige avtaler og hendingar, eller misse tråden i samtalar.
Langa seier at ingen medisin har vist seg å vellykka behandle MCI. Likevel viser deira gjennomgang at trening med høg intensitet over lengre tid, mental aktivitet og sosialt engasjement kan bidra til å redusere risikoen for tilstanden.
Endre på livsstilen
Jostein Holmen, professor ved Institutt for samfunnsmedisin på NTNU, fortel at mange legger vekt på å justere livsstilsfaktorane som har samanheng med tilstanden.
- Sjølv om det i dag ikkje er gode studium som viser sterk effekt av livsstils-intervensjon, er det ei rekke teoretiske holdepunkt for at dette er ei god tilnærming, skriv Holmen til forskning.no.
Han går for dei same råda som Langa. Han nemner fyrst og fremst fysisk aktivitet som viktig faktor. God kondisjon ser ut til å betre eller utsetje sjukdomsutviklinga, skriv han. Andre punkt er mental aktivitet. Det siste er sosial aktivitet.
Hald deg aktiv
Du skal altså halde deg aktiv. Det skal vertfall ha ein liten positiv effekt mot mild hjernesvikt og hukommelsesproblem. Det er også viktig å førebyggje hjerneslag, for å bevare minnet og tankeevna.
Du bør kontrollere blodtrykket, stumpe røyken, senke kolesterolet og førebyggje blodpropp. Slik kan du unngå slag som følgje av blodpropp eller hol i blodårene.
Forskarane meiner at leger ikkje må overdrive kontroll av blodtrykk og diabetes.
- Lågt blodtrykk og lågt blodsukker kan auke risiko for svikt i hjernen og andre skadar hjå pasienten, seier Langa.
Langa legg til at det trengst meir forsking på risiko for MCI, samt nye moglege behandlingsmetodar, og kva som gjer at ein kan utvikle demens som følgje av den milde tilstanden.
Professor Holmen nemner dans som eit eksempel på god trening.
- Det er bra for den fysiske kondisjonen, det krevjar mental trening som å hugse trinn og følgje takt, og det tyder sosial aktivitet. Parolen kan difor vere: dans meir, skriv Holmen.
Referanse:
Langa, Kenneth M. mfl: The Diagnosis and Management of Mild Cognitive Impairment. The Journal of the American Medical Association 17. desember 2014). DOI: 10.1001/jama.2014.13806. http://jama.jamanetwork.com/article.aspx?articleid=2040164
Leave a Reply