Radikale islamistar hacka rankingbyrå

Det spanske rankingbyrået Webometrics blei utsett for eit åtak frå hackerar og måtte difor utsetja publiseringa av kven som er dei beste universiteta i verda på nett. – Hackerane hadde lagt ut hatbodskap frå ekstreme islamistar, fortel dagleg leiar Isidro G. Aguillo.

Knytt til det spanske forskingsrådet

Hackeråtaket er likevel ikkje meld til politiet, trass i at hackerane har klart å gå inn i systemet og endra rekkjefylgja på minst eitt universitet, opplyser Aguillo til Uniforum.

Rankingbyrået Webometrics er tett knytt til Det spanske forskingsrådet, og publiserer to gonger i året ei rangering over kva for universitet i verda som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar tilgjengelege på nettet.  Den siste publiseringa blei utsett i fleire dagar på grunn av åtaket.

Jihadist-bodskap

 I eit intervju med Uniforum forklarar Isidro G. Aguillo det som har skjedd.

– Me oppdaga at det hadde vore eit hackingåtak då det brått dukka opp ein logo på hovudsida med ein typisk jihadist-bodskap, altså bodskap frå ekstreme islamistar.

– Kva var innhaldet i bodskapen?

– Det uttrykte støtte til radikal islam.

– Melde de frå til politiet?

– Nei!

– Kvifor ikkje?

– Det var ei avgjerd som blei tatt av IT-avdelinga.

– Endra rekkjefylgja

Isidro G. Aguillo og medarbeidarane hans oppdaga at hackerane hadde gått inn og gjort endringar i rankinga.

– Dei hadde gått inn og endra rekkjefylgja på minst eitt universitet, slik at det universitetet brått blei det beste i det landet det ligg i. Men det var berre eitt slikt tilfelle, understrekar han. Aguillo ynskjer ikkje å fortelja kva land det gjeld.

Webometrics klarte likevel å retta opp feilen. Byrået hadde ein ekstra kopi av alle data, og måtte i tillegg stengja eit hol i sikringsnettet.

Bodskapen og logoen var ikkje heilt ukjend for dei:

– Me har sett dei på andre nettsider som ikkje har noko å gjera med oss.

Problem med å lasta ned

Hackerane har likevel ikkje klart å hindra publiseringa av rangeringa over dei universiteta i verda som er mest synlege på nett.

– Det oversynet kan alle interesserte finna på nettsidene våre. Problemet er at det er stor trafikk og at det kan ta litt tid å lasta ned nettsidene, fortel Isidro G. Aguillo.

Uniforum kjem til å publisera innhaldet i rankinglistene straks dei er klare.

Leave a Reply

Your email address will not be published.