Det er seint på kveld, og tenåringen høyrer at foreldra sløkker lysa og skal til å legge seg. Lynraskt skrur han av pc-skjermen, kastar seg under dyna og lukkar auga. Døra går forsiktig opp, og nokon står og lyttar i det mørke, stille rommet. Så går døra att. Straks lyser pc-skjermen igjen, og fingrane hamrar mot tastaturet.
Før tenåringen veit ordet av det er det lyst ute. Lydane i huset fortel at foreldra har stått opp for å gå på jobb. Like kjapt er han under dyna igjen. Kanskje rekk han å spele litt til før skulen startar.
Skal ein tru overskriftene i media er denne tenåringen ille ute. Nyleg kom einNova-studie som viser at ungdom som speler mykje har dårlegare karakterar enn klassekameratane sine.
Samtidig sit ein heil generasjon ungar framfor PC-skjerm eller nettbrett og speler. 98 prosent av gutane mellom 9 og 16 år spelar dataspel på fritida. 90 prosent av jentene gjer det same, viser tal frå Medietilsynet.
– Studien vår indikerer at det å spele mykje dataspel verkar negativt inn på innsatsen i skulen. Men vi veit ikkje sikkert kva som kom først – spelinga eller dei dårlege karakterane, seier ungdomsforskar ved Nova, Mira Aaboen Sletten.
– Bra å spele
– Det å spele er ikkje problematisk i seg sjølv. La ungane spele dataspel, seier psykolog og forskar Rune Mentzoni ved KoRus-Øst.
Han meiner slike studiar burde skilje mellom problemspelaren og den engasjerte storspelaren.
Medan problemspelaren kan bli avhengig, få psykiske problem og sosiale vanskar, er spelinga først og fremst noko positivt i livet til storspelaren. Begge to speler mykje, men resultatet er svært forskjellig.
- Les også: Gamere blir gode i engelsk
Forsking Mentzoni har vore med på viser at negative effektar som dårlege skuleprestasjonar og depresjon, i hovudsak gjeld dei avhengige storspelarane. Dei engasjerte spelarane opplever ikkje desse negative effektane. Psykologen meiner dermed at det ikkje er tida som blir brukt på dataspel som er problematisk.
– Så lenge barnet eller ungdommen har eit balansert liv med fleire forskjellige aktivitetar, treng ikkje foreldra å uroe seg for speling. Kvar familie må setje sine grenser og reglar, men dataspel kan vere noko bra i livet til mange unge, seier Mentzoni.
Nova-forskaren meiner det er forskjellig kor godt unge folk taklar å spele mykje.
– Nokre ungdommar får livet til å henge saman, sjølv om dei brukar mykje tid på dataspeling. Men foreldre blir uroa når speling blokkerer for andre område i livet, meiner Aaboen Sletten.
Generasjonskonflikt om speling
Lydar frå guterommet avslører at tenåringen er vaken. Pappaen kan høyre små rop av glede og frustrasjon medan tastaturet trommar og klokka tikkar forbi midnatt. Bekymringane kjem krypande opp på skuldrene. Kjem spelinga til å gå utover konsentrasjonen på skulen? Likevel går han ikkje inn til sonen. Han vil ikkje lage krig.
– Vi var alvorleg uroa. Det var raude auge som glana på ein skjerm i så mange timar, for så å skulle gå på skulen dagen etter. Dersom du tok det opp var du ein gammal dust, så det var ikkje lett å diskutere det med ungane, fortel pappa Frank Sandø.
Sjetteklassingane på Eberg skole i Trondheim veit godt kva det vil seie å diskutere speling med foreldra sine.
Konfliktar og bekymringar er ikkje uvanleg når foreldre og barn er ueinige om dataspel. Mellom kranglinga om skjermtid, dører som smeller og internett som blir skrudd av, kan det vere vanskeleg å setje ord på kva det er ein er uroa for. Medietilsynet meiner krangling om spel er ein typisk generasjonskonflikt.
- Les også: Bør kidsa kode på skulen?
– Mange barn og unge har ein identitet knytt til dataspel, medan foreldra ser på speling som uproduktivt. Då kjenner barnet seg stigmatisert. Det er naturleg at foreldre er uroa og at det blir diskusjonar om speling, men det kan fort bli ein håplaus diskusjon for barnet, seier Khalid Azam i Medietilsynet.
Han rår foreldre til å ha ein «ryddig krangel» der dei seier konkret kva som er problemet; om det er tidsbruken, innhaldet i spelet eller noko anna. Mentzoni er einig, og meiner foreldre må setje seg betre inn i kva speling er, for å unngå unødvendige konfliktar.
– Barnet eller ungdommen ser kanskje på dette som sin lidenskap og viktigaste aktivitet, men omsorgspersonane ser på det som negativt. Foreldra må engasjere seg og prøve å forstå kva som er verdifullt med spelet. Når ein forstår kva det handlar om, er det lettare å setje grenser, seier Mentzoni.
For hans eigne barn er regelen klar: Andre aktivitetar skal prioriterast. Fotballen skal sparkast og leksene skal gjerast. Når det er gjort er det mykje rom for å kose seg med spel.
Vidundergameren
Tenåringen som spelte heile natta er blitt 23 år, gründer, sivilingeniørstudent på NTNU og programleiar i NRK-programmet Newton. Stian Sandø har gode karakterar frå ungdomsskulen og vidaregåande, samt gode venner frå tida som World of Warcraft-spelar. Han meiner gaming har gitt han eigenskapar som han har bruk for i dag.
– Eg har blitt god på å jobbe i team og lært meg å samarbeide med svært forskjellige folk. Eg er hekta på kjensla av å jobbe saman med andre for å få til noko i lag, og det brukar eg både i jobben min i NRK og når eg utviklar appar saman med vennene mine, seier Sandø.
Samtidig pustar faren letta ut.
– No senkar vi skuldrene og er nøgde. I ettertid tenkjer eg at han truleg fekk altfor mykje fridom, men kanskje det var det som skulle til. Vi trudde på sunn fornuft og såg heile tida at skuleresultata var gode. Det viktige er at det gjekk bra, seier Frank Sandø.
- Les også: Dataspill i klasserommet
Stian Sandø levde i spelverda i sju år, og kunne spele opp mot 10 timar i døgnet. At han likevel ikkje var ein problemspelar, kan høyrest umogleg ut. Men spelforskaren er ikkje overraska over at ungdom kan spele så mykje utan at det påverkar dei negativt.
Mentzoni meiner vi høyrer for lite om dei positive effektane av dataspel. Han viser til ein amerikansk artikkel som har samla forsking på alt det gode dataspel kan føre til.
– Folk som speler spel der ein samarbeider med andre blir for eksempel meir hjelpsame i det verkelege liv. Dei kan også bli meir produktive og motiverte, fordi det i dataspel lønner seg å legge ned ein innsats. Du får ikkje belønning for å «vere flink» i eit spel, du får belønning og ros for å jobbe hardt, seier Mentzoni.
- Les også: Noen få tar skade av dataspill
Sjølv om forskinga frå Nova viser til dårlegare mattekarakterar for storspelarane meiner spelforskaren at enkelte dataspel faktisk kan gjere ungane flinkare i realfag.
– Såkalla skytespel og actionspel trenar opp visse delar av hjernen slik at ein blir flinkare til å ta inn informasjon og sortere ut kva som er viktig. Det er eigenskapar som er viktige innanfor matematikk og realfag, seier Mentzoni.
Nova-forskar Mira Aaboen Sletten har også tru på at dataspel kan føre med seg noko positivt. Storspelarane i hennar studie hadde nemleg minst like gode engelskkarakterar som dei andre i klassen.
– Det ser ut som dataspel har positive læringseffektar i engelsk. Dei som speler praktiserer mykje engelsk, både skriftleg og munnleg, forklarer Aaboen Sletten.
Dataspilling gjør unge betre i engelsk
– Bra for samfunnet
Klokka nærmar seg to om natta og tastaturet kneprar i rekordfart. Han er ikkje lenger ein gnom som beveger seg rundt i World of Warcraft, men ein fokusert programmerar som lagar ein tryggleiks-app for mobiltelefonar, innimellom TV-jobben og studiane på NTNU. Dataspel har han for det meste lagt på hylla.
– Livet kom i vegen, så eg har rett og slett ikkje tid til å spele så mykje lenger. Men eg meiner at dataspel kan vere kjempenyttig for samfunnet. Ein må berre sørge for å bruke det ein lærer i den verkelege verda, seier Stian Sandø.
Leave a Reply