Ved ein vidaregåande skule i Rogaland bruker lærarane blogging aktivt i undervisinga. Det kan tilføre noko nytt til undervisinga, viser ei ny undersøking.
– Blogg-framgangsmåten såg ut til å gjera at elevane både skreiv – og snakka om å skriva – på ein heilt annan måte, fortel Arne Olav Nygard.
Han har undersøkt den pedagogiske nytten av å bruka digitale teknologiar i undervisninga i doktorgraden sin ved Lesesenteret ved Universitet i Stavanger.
Elevane var sjølv positive til å skrive blogg som ein del av undervisninga, fortel Nygard.
– Dei gav uttrykk for at bloggen fekk dei til å skriva på ein annan måte enn til dømes i tradisjonell norskundervising. Elevane sa, lett metaforisk, at på bloggen følte dei seg mykje friare. Dei sette denne skrivinga i kontrast til anna skriving i skulen, som dei følte la unødvendige band på dei.
Undersøkte bloggande klasse
Nygard så nærare på 14 elevar på studieførebuande linje ved skulen i Rogaland. Elevane hadde vald faget Trykk og foto, og utgangspunktet var at forskaren blei nysgjerrig på korleis dei oppfatta ei slik blogg-orientert undervising. Og korleis tekstane deira – blogg-postane – stod fram som skriftlege uttrykk.
I framhaldet blei dette utgangspunktet undersøkt både gjennom observasjon og intervju av elevane og analysar av bloggtekstane deira.
Elevane blei digitalt ansvarlege
Tekstane var kortare, og elevane oppgav at dei ikkje opplevde at dei var underlagt dei same formelle krava som i andre fag, til dømes Norsk. Dei gjekk til oppgåva som bloggarar, der dei opplevde at dei sjølv kunne gje tekstane sine retning og form. Elevane skildra dette som produktivt og frigjerande.
På eit overordna plan tilførte teknologibruken noko til undervisinga som ikkje kunne blitt oppnådd utan denne bruken, meiner forskaren. Han fortel at publiseringa gjorde at elevane fekk ein ny motivasjon for å formidle fagkunnskapen sin skriftleg. I lesevitskapen blir denne evna kalla «skriftlegheit» – eller «literacy» på engelsk.
– Elevane måtte stå til ansvar for skriftlegheita si på ein annan måte enn ved den tradisjonelle «skrivebordsskuffe-skriftlegheita,» som ein gjerne koplar til skulen. I dette prosjektet fekk arbeidet til elevane ein annan status, ei anna rolle, som dei tok på alvor. Det offentlege aspektet – publiseringa – gjorde noko med måten dei skreiv på – elevane greip det ansvaret i overraskande stor grad. For dette er jo elevar som tidlegare alltid har skrive utelukkande for læraren, i alle fag.
Han håpar funna hans kan bidra til diskusjonen om bruk av teknologi i undervisinga i skulen.
– Dette er eit døme på bruk av teknologi som myndiggjer og ansvarleggjer elevane. Noko som jo er i tråd med sentrale mål i opplæringa – elevane skal gjerast myndige gjennom skrift, forklarer Nygard.
Læraren har ei viktig digital rolle
I løpet av prosjektet blei Nygard overraska over engasjementet og konsentrasjonen elevane hadde framfor datamaskinen. Sjølv i lengre skriveøkter var elevane jamt over svært konstruktive og produktive i arbeidet, ifølgje forskaren. Han meiner skulen sin tenking rundt bruken av digitale verktøy og organiseringa av denne, var ein viktig årsak til dette.
Rolla til lærarane er sentral for at elevane skal ha utbytte frå digitale sjangrar, ifølgje Nygard.
– Elevar blir i ein teknologisk samanheng gjerne sett på som ei nærast mytologisk gruppe. Dei «kan alt» om det digitale, medan skulen alltid vil koma haltande eller halsande etter. Studiet mitt viser at læraren – trass i at ho ikkje har vakse inn i ein skriftkultur prega av digitale medium – faktisk kan bidra til at dei forstår korleis dei kan bruka digitale verktøy på ein klok måte.
Nygard meiner at den positive effekten av blogg-skrivinga var heilt avhengig nettopp av at læraren rettleidde elevane.
– Skulen er i stand til å setja dette i kontekst for eleven, innanfor rammene av utdanningssystemet. Ikkje berre som ein «flashy» teknologi for å skapa variasjon, gjera noko spennande mot slutten av timen eller liknande, men faktisk talt med ambisjon om å gi innsikt i korleis ein kan formidle skriftleg på ein måte som myndiggjer dei, fastslår Arne Olav Nygard.
Referanse
Arne Olav Nygard: Digital Literacy Practices in Education. An Investigation of the Use of Blogs in a Norwegian High School, Doktorgrad Universitetet i Stavanger.
- Les også: Ensomme og mye på sosiale medier
Leave a Reply